Føde- og barselavdelingane på sjukehusa i Møre og Romsdal har innført ein rekke tiltak knytt til koronasituasjonen. Her er informasjon til deg som ventar barn.
Tror du fødselen er i gong?
Ring fødeavdelinga:
Ålesund sjukehus: 70 10 59 59 / 70 10 59 40
Molde sjukehus: 71 12 17 60
Kristiansund sjukehus: 71 12 18 05
Volda sjukehus: 70 05 83 61
Smitterisiko
Vi vurderer smitterisiko individuelt, både hos mor og ledsagar. Du vil derfor få spørsmål knytt til dette:
- Om ledsagar har luftveisinfeksjon/smitte/sit i karantene kan ledsagar dessverre ikkje vere med på fødselen
- Om mor har luftveisinfeksjon/smitte/sit i karantene, vil mor vere i isolasjon
- Ledsagar kan ikkje vere med på keisesnitt
Om opphald etter fødsel (barsel)
- Barselopphald haldast så kort som mogleg (inntil 2 døgn ved normal fødsel)
- Av smittevernsomsyn kan ledsagar dessverre ikkje vere til stede under barselopphaldet
- Vi kan dessverre ikkje tillate besøk av andre, heller ikkje søsken til den nyfødte
- Eventuelt isolasjon vidareførast på barsel
- Dere kan ikkje ta med nyfødte barn ut av avdelinga før barnet et utskrevet
Om polikliniske konsultasjonar
- Oppsatte timar går som normalt om ikkje du får anna beskjed
- Det er svært viktig å forholde seg til informasjon som sendast på SMS i forkant av timen
- Ledsager kan ikkje vere med på polikliniske konsultasjonar. Dette for å avgrense besøk på sjukehus i denne situasjonen.
Vi ber deg stille spørsmål om graviditeten til lokal jordmor/fastlege i di kommune i størst mogleg grad.
Vi ber om forståing for at vi innfører disse tiltaka, og beklagar ulempene dette får for dere. Vi vil legge til rette for ein trygg og god oppleving for deg under fødselen og barselopphaldet.
Meir informasjon:
Informasjon fra Folkehelseinstituttet om graviditet og koronasmitte/-sykdom