Helse Møre og Romsdal vil trenge helsepersonell og ein rekkje andre yrkesgruppar som kan stille seg og sin kompetanse til disposisjon i tida framover. Vi ber derfor folk om å melde seg.
– Dei tilsette på sjukehusa i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, samt dei andre institusjonane på utsida, gjer ein stor og viktig innsats no. Men vi må vere førebudd på at vi treng fleire folk, seier administerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.
For å førebu seg på ein enda meir krevjande situasjon, har sjukehusa i Helse Midt-Norge starta ei kartlegging av tilgjengeleg helsepersonell og anna relevant personell.
– Vi regner med at behovet for ekstra personell vil bli stort både for våre sjukehus og i kommunane. Derfor ber vi alle som meiner dei kan bidra om å registrere seg ved å bruke innmeldingsløysinga vi har lagt lenke til i denne saka. Ei viktig målgruppe for denne kampanjen er studentar, helsepersonell som i dag er i andre yrker, og andre med erfaring og kompetanse som helsetenesta kan ha nytte av, seier Bakke.
Klikk her for å registrere deg!
Helse Møre og Romsdal ber deg i korte trekk registrere kva kompetanse, praksis og erfaring du har.
Tilsetting vil skje fortløpande ved behov. Dei som melder seg må rekne med å bli omdisponert til arbeid innan kommunehelsetenesta i regionen om det blir behov for det.