Eg har vore på Vamp-konsert i fullsett Surnadal kulturhus. Det var ei rik musikkstund.
Utan å vera ekspert på artistgrupper tør eg påstå at Vamp står i ein eigen klasse. Dei fem i gruppa viser enorm kreativitet i musikalsk form og uttrykk. Alt har kunstnarleg særpreg. Eit tosifra instrumentarium blir virtuost handtert og skaper eit fargerikt klangbilete.
Gode, til dels gripande tekster – alltid norsk, mykje på syngande dialekt – gir kjensla av noko sant, ekte, varmt og vesentleg. Vi – i alle fall eg – sakna ikkje det overflatiske («artige»?) som pregar mykje underhaldningsmusikk.
Toneartar og harmoniar særpregar Vamp. Som av ein havsalt bris frå øyane i vest har rogalandsgruppa pusta inn irsk folketone og jig-rytmer som i folkedansen der ute.
Gruppeleiar Øyvind Stavelands følsame fløytetonar og drivande felespel set unikt varmerke på mykje av stoffet. Resten av gruppa ligg ikkje noko tilbake. Lars Eirik Støle imponerte stort med suveren bruk av sine ulike tasteinstrument.
Av det rike programmet på 90 minutt vekte «Tir n’a Noir» sterk attkjenning. Stavelands irsk-inspirerte tonesetting av Kolbein Falkeids dikt om lengselen mot evighetslandet (Tir n’a Noir i irsk mytologi) er ei klassisk perle som rørte oss til tårer. Også «Liten fuggel» fekk folk i salen til å nynne med.
Konserten var som venta ei stor musikalsk oppleving. To ting tør eg likevel pirke på.
Høgt lydvolum i eit konsertlokale er ikkje det same som «god lyd». Også i Surnadal Kulturhus druknar ofte god tekst og fine musikknyansar i desibel – særleg frå slaginstrumenta.
Dessutan: Sjøl om det er mixe-fordeler med mikrofon påmontert lokket, blir den naturlege og akustiske fiolinklangen forvrengt til noko anna på den måten.
Men: Stavelands bruk av fela i seg sjøl var ein fryd – som alt anna Vamp gav oss denne kvelden!