• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
KSU 24/7

Lyden av Nordmøre

  • Bli abonnent
  • Aktuelt
  • Natur
  • Næringsliv
  • Kultur
  • Sport
  • Podkast
  • Radioprogram
  • Radiobingo
Meny
  • Aktuelt
  • Kultur
    • Musikklikar
    • Grønne løker
    • Lokalhistorie fra Nordmøre
  • Natur
  • Næringsliv
  • Sport
    • Mørkeblått blod
  • Radiobingo
  • Podkast
  • Debatt
Logg inn
  • Bli abonnent
  • Min side
  • Lytte på radio
  • Tips oss
  • Kontakt oss
  • Annonsering
  • Personvern
  • Salgsvilkår
DEBATT
3 minutter lesetid

Usynlege medhjelparar treng støttespelarar

Illustrasjon laget med KI-tjeneste fra Google.
Leiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes, IOGT Region Midt-Norge
Publisert: 29 mars, 2025 16:40
Oppdatert: 29 mars, 2025 16:42

Har du tenkt over om du har nokre usynlege medhjelparar? I så tilfelle, kven kan det vere? For dei som er pårørande til nokon som har vorte rusavhengige, så er det svært synleg for mange at dei usynlege medhjelparane er særs viktige.

Actis er ein paraplyorganisasjon for 38 ulike organisasjonar innanfor rusfeltet. Dei er godt synlege i ruspolitiske debattar, og tek mange politiske kampsaker og frontar dei på gode måtar. Det er det viktig at dei gjer.

Saken fortsetter etter annonsen

Men – for dei som står i daglege kampar for å få tak i rusmiddel som dei kan bruke, så er Actis gjerne akkurat litt for langt unna til at dei kjenner folk som arbeider i Actis i Oslo med rusførebygging på ulike felt.

Kven er det då som kan hjelpe andre i rusomsorga? Ei sak er om du er innanfor ein behandlingsstad og får hjelp på den måten av frivillige, offentlege eller private aktørar.

Kven er dei usynlege medhjelparane som kvar dag tenkjer på sine familiemedlemer som kanskje akkurat no når du les dette lesarinnlegget vil ut av rusen sitt famntak? Dei kan vere nærare deg enn du trur. Det er likevel ikkje sikkert at du kjenner dei.

I høgtider kan det vere ekstra vanskeleg å ha nokon pårørande som har utfordringar med rus. Korleis kan vi som (lokal)samfunn gjere noko med det? Har du tenkt på det nokon gong?

Det er då det er så fint at Actis sine 38 medlemsorganisasjonar har sitt vidstrakte medlemsnett over heile landet. Det er fullt mogleg å melde seg inn som støttemedlem/medspelar eller kva ulike organisasjonar kallar sine støttespelarar. Å vise omtanke gjennom å anten teikne medlemskap eller støttemedlemskap er ein måte å vise dei usynlege medhjelparane at DU set pris på det arbeidet dei gjer.

Viss du eventuelt er usikker på kva organisasjonar som er medlemer i Actis, er det berre å klikke deg innom denne nettsida.

Frivillige organisasjonar synleggjer at nokon må gjere noko for andre viss vi skal få til endringar i samfunnet vårt. Det er difor vi med stor takksemd heiar på alle andre organisasjonar innanfor rusfeltet. Og – sender ein varm takk til alle pårørande rundt om i heile landet som gjer Noreg til eit varmare land for så mange.

Du vil kanskje også lese

Slutt med meir svada ang Møreaksen! Dramatisk lågare elevtal gjer at vi må justere skoletilbodet Dordi Lerum: – Et norsk mat eller støtt global urettferd Møreaksenklanen utan magemål!

Linker

Tips oss
Ditt abonnement
Registrer/logg inn

Redaksjonen

Daglig leder
Charles Hagen Williamsen
Tlf: 90938312

Marked

Markedsansvarlig
Charles Hagen Williamsen
Tlf: 90938312

Følg oss

  • Email
  • Facebook
KSU 24/7 arbeider etter reglene for god presseskikk i Vær varsom-plakaten. Mener du at du er rammet av urettmessig omtale, oppfordrer vi det til å kontakte redaktøren.

Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund. Utvalget behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål. Adresse: PFU, postboks 46 Sentrum, 0101 OSLO, Telefon: 22 40 50 40, epost: pfu@presse.no.

KSU 24/7 har forpliktet seg til å følge Redaktørplakaten. Plakaten sier blant annet: «Redaktøren skal fremme fri informasjonsformidling, og en åpen, redelig og sannhetssøkende journalistikk.  Det er redaktørens ansvar å sørge for et tydelig skille mellom fakta og meningsinnhold, og at det klart fremgår hva som er redaksjonelt innhold og hva som er kommersielt materiale.»
KSU-logo
KSU 24/7 © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no