Torsdag ettermiddag 26. mars blei det lagd inn totalt tre nye pasientar til sjukehusbehandling i fylket. Éin ny pasient ved Volda sjukehus og to nye pasientar ved Kristiansund sjukehus
Volda sjukehus
Pasienten som blei innlagd ved Volda sjukehus 26.mars har vore kjent sjuk med koronavirus, og har hatt symptom i ei veke før innlegging.
– Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrar blei følgt ved innlegging. Pasienten ligg innlagd ved kohorteininga og tilstanden til pasienten er etter forholda god. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Volda sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten, seier klinikksjef ved Volda sjukehus Palma Hånes
Kommunen har tatt hand om smittesporingsarbeidet. Det er førebels ikkje kjent korleis vedkommande har blitt smitta.
Kristiansund sjukehus
To nye pasientar med koronavirus blei lagd inn ved Kristiansund sjukehus 26.mars. Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrar blei følgt ved transport og innlegging. Begge pasientar fekk påvist koronasmitte før innlegginga.
– Den eine pasienten blei lagd i kohorteininga ved sjukehuset til behandling. Tilstanden til pasienten er etter forholda god. Den andre pasienten har blitt dårlegare etter innkomst og får no intensivbehandling. Tilstanden er alvorleg, men stabil, seier Åge Austheim, klinikksjef ved Kristiansund sjukehus
Heimkommunane har gjennomført smittesporing i begge tilfella. Pasienten som ligg innlagt ved kohorteininga kom heim frå utlandet sist helg. Pasienten som får intensivbehandling har truleg blitt smitta av eit familiemedlem.
Status for innlagde pasientar med koronasmitte i Helse Møre og Romsdal
Kristiansund sjukehus: 3 innlagde koronapasientar. Tilstanden til to av pasientane er etterforholda god. Tilstanden til den tredje pasienten er alvorleg, men stabil
Molde sjukehus: 2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for pasientane er alvorleg, men stabil.
Volda sjukehus: 1 innlagd koronapasient. Tilstanden for pasienten er etter forholda god
Ålesund sjukehus: Ingen innlagde koronapasientar
Helse Møre og Romsdal oppmodar alle om tydeleg å varsle ved mistanke om koronasmitte
I samband med at talet på smitta med koronavirus aukar, så er det særs viktig å beskytte helsepersonell mot smitte.
I følgjande video oppmodar ambulansearbeidarar i Helse Møre og Romsdal både fastlegar, legevaktslegar og enkeltpersonar om å gje tydeleg beskjed ved mistanke om koronasmitte.
Da forhindrar ein smittespreiing og at ambulansearbeidarer og anna helsepersonell må gå i heimekarantene: