Kristiansund sjukehus
4 innlagde koronapasientar.
To pasientar ligg på kohortavdelinga. Ein av desse blei innlagd søndag 5.april. Tilstanden til kohort-pasientane er etter forholda god.
Dei to andre pasientane får intensivbehandling. Tilstanden for desse er alvorleg, men stabil.
Volda sjukehus
1 innlagd koronapasient.
Tilstanden for pasienten er framleis alvorleg, men stabil.
Ein pasient som har vore innlagd i kohortavdelinga blei skriven ut frå sjukehus 5.april.
Ålesund sjukehus
1 innlagd koronapasient.
Vedkommande får intensivbehandling. Tilstanden til pasienten er alvorleg, men stabil.
Molde sjukehus
2 innlagde koronapasientar
Tilstanden for den eine pasienten er framleis alvorleg, men stabil.
Den andre pasienten er flytta til kohortavdelinga og pasienten er i betring.
Totalt 8 pasientar med koronasmitte er innlagd i HMR.