Koronasmitte i Helse Møre og Romsdal 30. mars klokken 11.30
Kristiansund sjukehus: 3 innlagde koronapasientar. Tilstanden til to av pasientane er etterforholda god. Tilstanden til den tredje pasienten er alvorleg, men stabil.
Ålesund sjukehus: 1 ny innlagd pasient har testa positivt på koronasmitte. Pasienten blei lagt inn i går 29.mars og har testa positivt i dag 30.mars. Tilstanden til pasienten er etter forholda god.
Molde sjukehus: 2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for pasientane er alvorleg, men stabil.
Volda sjukehus: 1 innlagd koronapasient. Tilstanden for pasienten er alvorleg, men stabil.