Snart får du vite mer om Edøyskipet

Fra georadaren på Edøy Foto: Manuel Gabler, NIKU

Etter funnet av skipsgrava på Edøy, ønsker no Møre og Romsdal fylkeskommune og Smøla kommune velkomen til informasjonsmøte om skipsgravfunnet.

Kva veit vi om skipet og kva er planane framover? Korleis har skipet sett ut?

Både lokalbefolkning, presse og andre interesserte er velkomne til møtet på Gurisenteret på Edøy neste torsdag.

– Over natta blei skipet ein nasjonal sensasjon og verdsnyheit. No er vi spente på kva meir forskarane kan fortelle funnet, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskultursjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Oppdaginga av skispgrava skjedde som ein del av kartlegginga av Edøy, gjennom prosjektet Ein bit av historia, der Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og Smøla kommune.

Vikingskipekspert

Til møtet kjem mellom anna Noregs fremste ekspert på vikingskip, Knut Paasche, arkeolog og forskar og arkeolog Manuel Gabler, som gjennomførte undersøkingane med georadar. Begge frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU). Dei jobbar no på spreng med  å utvikle ei visualisering av skipet, for å vise fram for publikum denne dagen.

I tillegg vil arkeologar frå fylkeskommunen fortelle kvifor dei valde å utforske nettopp Edøy og kvifor øya kan kallast ei arkeologiske skattekiste. Dei deler også tankar om planane for skipsfunnet framover.

Digital historieformidling

Ordførar i Smøla Svein Roksvåg presenterer korleis kommunen jobbar med kultur og digital formidling av forhistoria og korleis skipet kan bli ein del av dette. Grunneigar Per Halse fortel historia om garden og tankar om funnet.

– Funnet av skipet er eit fantastisk tilfang til vår historie. Smøla har jobba med formidling av kulturminner i fleire år, og med skipet kjem vi kjem til å fortsette med forsterka kraft, seier Roksvåg.

Etter møtet vert det omsyning på funnplassen. Dei som ønsker kan også bli med på Kystpilegrimsvandring med Sindre Stabel Kulø, prost i Ytre Nordmøre og Gunn Fagerli Johannessen, tidligere prest i Smøla kommune Kystpilegrimsleia er også ein del av satsinga Ein bit av historia.