Pressemelding.
Vi minner om at frå og med 1. mai i år vil vi ikkje lenger produsere trykte rutehefte for kollektivtilbodet. – Vi tilbyr ruteinformasjon i fleire andre format. Denne informasjonen vil vere oppdatert til ei kvar tid, seier samferdselsjef Arild Fuglseth.
Alltid oppdatert ruteinformasjon på nett og i app
Det er fleire moglegheiter for å få informasjon om rutetider og avgangar for FRAM:
- Reiseplanleggaren på frammr.no Her kan du søke deg fram til kollektivtilbodet. Planleggaren har rutene og avgangane. Du kan sjå kva billetten kostar og få informasjon om ruta er forseinka.
- I FRAM-appen kan du i tillegg kjøpe både periode- og enkeltbillett og ha han med deg på mobiltelefonen.
- MR Ferjerute er ein app som viser avgangane til ferjene og hurtigbåtane.
- FRAM Kundesenter når du på telefon 71 28 01 00. Her kan du få ruteinformasjon for all kollektivtransport i fylket.
Du kan skrive ut rutene eller få hjelp til det
Alle rutetabellane vil fortsatt vere tilgjengelege på nettsida til FRAM i pdf-format. Desse er oppdaterte og enkle å skrive ut på papir for dei som vil det. Har du ikkje moglegheita til å skrive ut på eiga hand, kan du kontakte FRAM Kundesenter for å få utskriftene av ruta sendt til deg.
Du kan møte opp på trafikkterminalen i Kristiansund, trafikkterminalen i Molde eller trafikkterminalen på Moa for å få hjelp til å skrive ut rutene. Servicetorget i kommunen din vil også kunne hjelpe deg med å skrive ut rutetidene.
Digitale ruter over heile landet
Endringa med å gå vekk frå å trykke rutehefta skjer fleire stader i landet. Andre fylke har allereie avvikla eller planlegg å avvikle papirversjonen av rutehefta, mellom anna fordi at oppdatering av ruteinformasjonen skjer heile året. –Det er enklare å få ut oppdatert informasjon med digitale løysingar enn på papir, avsluttar Fuglseth.