KSU 24/7
3 minutter lesetid

Sju prestar sette spor – no blir historia til spel

Lørdag 22. august kl. 14.00 framfører Kvernes stavkirke eit spel om dei sju prestane som møttes i 1714 og la grunnlaget for konfirmasjon og folkeskole i Noreg.

I 1714 samla sju prestar frå Nordmøre og Romsdal seg ved Kvernes stavkirke. Dei var einige om at noko måtte gjerast: folk flest kunne ikkje lese, og dei fleste hadde aldri sett ein bibel.

Saken fortsetter etter annonsen

Prestane kom blant annet frå Tingvoll, Gjemnes og Nesset. Saman skreiv dei brev til kongen i København og kravde tiltak. Det tok tid – men i 1739 vart allmueskulen innført, og konfirmasjon vart lovpålagt.

– Det var eigentleg forløparen til dagens konfirmasjon og folkeskole, seier Ann Kristin Sørvik, driftsansvarleg ved Kvernes stavkirke.

Høyr intervjuet frå radio KSU 24/7 onsdag 19. august:

Syvstjernerspelet

No blir denne historia til spel. Lørdag 22. august klokka 14.00 set Kvernes stavkirke opp framsyninga om dei sju prestane – kalla Syvstjernen – ved sjølve stavkirka på Averøy.

Sørvik fortel at dei har laga spel tidlegare, og at tanken er å løfte fram lokale historier som elles lett blir gløymde. Kvernes er eit kulturområde med stavkirke, Gamle Kvernes museum og allbrukshuset Klippen, og det skjer noko der gjennom heile året.

Norges yngste stavkirke

Stavkirka sjølv er datert til 1633 etter dendrokronologiske undersøkingar – borepøvar i stokkane – utførte av forskarar frå Trondheim. Det gjer ho til den yngste stavkirka i Noreg. Sørvik seier dei tok det som ein liten nedtur då resultata kom, men at dei no reklamerer for nettopp det.

Sommaren 2026 har vore travel ved Kvernes. Cruiseskip og hurtigrute har ført mange turistar til stavkirka, og då eit stort skip nyleg låg i Kristiansund med om lag fem tusen gjester, merka dei det godt på besøkstala.

Saken fortsetter etter annonsen

– Dei blir veldig imponerte. Utvendig er ho ikkje så spesiell, men dei kjem inn og blir mektig imponerte, seier Sørvik om reaksjonane frå turistane.

Kvernes stavkirke er eigd og driven av Fortidsminneforeningen, Nordmøre lokallag. Ann Kristin Sørvik var gjest hos Charles Williamsen i studio på KSU 24/7 onsdag morgon.