Sikringsarbeidet i Kranaveien fortsetter

Bilde: Møre og Romsdal fylkeskommune

Utbetringa av fortauet og rekkverket på første del av Kranaveien er i avslutningsfasen. No har arbeidet på neste del starta, frå innerst i Vågen og opp til krysset til Sjømannsgata og Havnefogd Schjetnans gate.

– Denne veka og neste veke støyper vi siste delen av fortauet på første delen. Neste veke blir det også montert rekkverk på om lag halvparten av strekninga. På resten av strekninga må støypearbeidet bli ferdig før vi kan måle inn og bestille rekkverket. Vi ventar at det blir levert og montert i juni, seier byggeleiar Hallvard Rangnes i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det har vore utfordringar med lange periodar med dårleg vêr for støypearbeidi vinter og forseinking i bestillingar på grunn av koronasituasjonen. Byggeleiaren er difor godt nøgd med å kunne starte
sikringsarbeidet på neste del i mai som planlagt.

Startar innerst i Vågen

Andre del av utbetringa i Kranaveien startar innerst i Vågen. Først blir det støypt i overkant av 30 meter fortau oppå det gamle. Vidare må dei neste 150 metrane med fortau fjernast heilt før det blir forskala, armert og støypt nytt fortau.

Kranaveien vart bygd for 70 år sidan og det finns lite dokumentasjon på kva ein kan vente å finne når dei gamle fortaua blir fjerna.

Kranaveien Bilde: Møre og Romsdal fylkeskommune

I fase ein hadde vi nokre utfordringar med å tilpasse nye fortau til den gamle konstruksjonen og det ventar vi også å få i neste faste. Det gjer det utfordrande å vurdere kor lang tid det vil ta, men om vi legg erfaringane frå første delen til grunn, vil arbeidet truleg ta 14 veker, fortel byggeleiaren.

Opnar begge køyrefelt i juli

Einvegskøyringa blir vidareført. I fellesferien vil det bli stopp i arbeidet og Kranaveien blir opna for trafikk i begge retningar. Andre del av sikringsarbeidet er venta å vere ferdig i slutten av august.

Midtre delen av Kranaveien ligg på halvbruer og er kompliserte konstruksjonar. Dei er ikkje i god nok stand til å kunne støype på og montere nytt rekkverk og det blir derfor jobba med å finne ut kva
løysing som er best for denne delen av vegen. Inntil vidare er det sikra med eit mobilt stålrekkverk.