Rapporten gir ikkje svar på kor ei samlokalisering av fødeavdelingane bør skje, men inneheld informasjon som blir viktig i det vidare arbeidet med å samle fagmiljøa i Kristiansund og Molde.
Det melder helseforetaket fredag.
– ROS-analysen har gitt oss verdifull kunnskap om dei ulike risikoar ved å samle fødeavdelingane. Vi vurderer at det er mogleg å handterer ei samlokalisering på ein trygg og god måte gjennom risikoreduserande tiltak og held fast på planen om å leggje fram ei sak for styret i HMR i mars, seier Henrik Erdal, klinikksjef for kvinner, barn og ungdom.
Les hele ROS-rapporten her.
Vil gi betre kvalitet
Klinikksjefen er trygg på at ei samanslåing av fødetilbodet vil gje betre kvalitet og pasienttryggleik mellom anna ved å skape eit større og meir robust fagmiljø i Nordmøre og Romsdal.
Det blir no sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå alle dei involverte fagmiljøa, tillitsvalde og verneombod. Gruppa får ansvar for den vidare planlegginga av samanslåinga av dei to fagmiljøa, og skal gå ytterlegare inn i handsamingsgrunnlaget. Ein sentral del av oppdraget er å følgje opp ROS-analysen, utarbeide ein plan for gjennomføring av risikoreduserande tiltak, samt å leggje fram ei anbefaling til klinikksjefen.
– Det blir ein viktig og krevjande prosess der vi er avhengig av at fagmiljøa samarbeider godt. I tillegg må vi sikre god medverking frå kommunane i Nordmøre og Romsdal, seier Erdal.