Denne veka startar rivinga av bomstasjonen på Atlanterhavstunnelen på Averøya, melder fylkeskommunen i en epost tirsdag ettermiddag.
Dei første dagane blir det tekniske anlegget demontert.
Delar av det og eit teknisk bygg skal brukast i andre fylkeskommunale prosjekt. Bygningane blir rive i neste veke.
Køyremønsteret blir endra fleire gonger under arbeidet. Trafikantane må difor vere merksam på skilting og senke farta gjennom bomstasjonsområdet.