Helse Møre og Romsdals administrerende direktør Espen Remme vil foreslå for styret 15. mai at en utsetter gjennomføringen av sammenslåingen av fødeavdelingene i Kristiansund og Molde.
Det melder Helse Møre og Romsdal i en pressemelding torsdag ettermiddag.
Pressemeldingen:
I lys av situasjonen som har utvikla seg i etterkant av vedtaket den 27. mars om samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde, vil adm.dir. foreslå for styret at ein bør utsette tidspunktet for gjennomføring av vedtaket.
– Vedtaket om å gjennomføre ei samanslåing av fødeavdelingane i god tid før innflytting i nytt sjukehus på Hjelset står framleis fast. I lys av situasjonen som har utvikla seg så er mi vurdering at helseføretaket bør skyve på tidspunktet fordi det kan verke inn på vår samla evne til å levere forsvarlege helsetenester til befolkninga, seier adm.dir. Espen Remme.
Grunnlaget i saksutgreiinga ligg framleis fast, men adm.dir vil foreslå ei utsetting av gjennomføringa i tid, til eit tidspunkt som er nærare innflytting i SNR. Forslaget vil bli fremma i neste styremøte 15. mai.
Det opphavlege forslaget var å slå saman fødeavdelingane 31. august.