Fylket er best i landet på gjennomføring per skoleår, og ligg over landssnittet for kor mange elevar og lærlingar som gjennomfører heile det vidaregåande løpet. Det er færre elevar som sluttar, og fleire som får lærekontrakt.
Dette er blant hovudtrekka i Møre og Romsdal fylkeskommune si kvalitetsmelding, som skal til politisk behandling i fylkestinget i desember. Meldinga er ein tilstandsrapport over læringsresultat, gjennomføring og læringsmiljø i vidaregåande opplæring, basert på statistikk og brukarundersøkingar.
– Vi ser at vi har ei svært god utvikling på mange område, og er stolte av å presentere det gode arbeidet som skolane og lærebedriftene gjer for elevane og lærlingane våre. Skoleåret 2019-20 vart prega av hurtig omstilling, mellom anna med heimeundervisning for elevane store delar av våren. Også for lærlingane var det ei usikker tid, og det er framleis usikkert korleis koronasituasjonen vil påverke gjennomføringa i lærebedriftene framover. Vi er ekstra tett på både skolar og lærebedrifter for å følge utviklinga i den spesielle situasjonen vi står i, seier Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.
På topp nasjonalt
Meldinga viser mellom anna at
- 91,4 prosent av elevane fullførte og bestod skoleåret 2019-20, mot 87,8 prosent året før. Her er vi best i landet.
- Fylket ligg over landsgjennomsnittet innanfor alle utdanningsretningar for fullført og bestått per skoleår.
- Tala for elevar som har fullført og bestått er rekordhøge, i tillegg har karaktersnittet til elevane auka.
Pilene peiker opp
I Møre og Romsdal slutta 2,3 prosent av elevane i løpet av skoleåret 2019-20. Det er lågast i landet.
I tillegg er Møre og Romsdal det fylket der flest av søkarane fekk lærekontrakt i 2019, med 85,7 prosent. Men det er framleis behov for fleire læreplassar. Kampanjen «Tenk framtid – bli lærebedrift» er eit av tiltaka for fleire læreplassar, og viktig i arbeidet med å dekke behovet for fagarbeidarar i framtida.
Elevane og lærlingane oppgir å ha god trivsel, nok faglege utfordringar og god støtte frå lærarar og rettleiarar i opplæringskvardagen. Mobbetala blant både elevar og lærlingar i fylket har gått ned, og tala ligg godt under landsgjennomsnittet.
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken er svært fornøgd med at pilane peikar rett veg:
– Resultata viser at det blir gjort mykje godt arbeid for at dei som startar i vidaregåande opplæring skal gjennomføre og i tillegg vere godt førebudde på vidare studiar og arbeidslivet, seier Brekken.