Endring frå gult til grønn beredskap vil ikkje føre til endring på dei strenge smitteverntiltaka.
Sidan 12. mars har beredskapsnivået i Helse Møre og Romsdal vore satt til gult. Frå og med tirsdag 21. april blir beredskapsnivået endra frå gult til grønt.
Det melder helseforetaket.
Dette inneber at beredskapsleiinga blir vidareført med fortsatt nokre forsterka funksjonar. Endring frå gul til grønn beredskap vil ikkje føre til endring på dei strenge smitteverntiltaka.
– Vi er no i ein situasjon der vi skal ta opp igjen meir av den elektive aktiviteten, og vi går i retning av meir normal drift. Sjukehusa har sidan påske lagt planar for ei gradvis opptrapping av den normale drifta, seier administrerende direktør Øyvind Bakke som understreker at sjukehusa i fylket er trygge, både for pasientar og tilsette.
Han legg til at helseføretaket har utarbeidd gode planar for ytterlegare opptrapping av kapasiteten for covid-19-pasientar.
– Tilgangen på smittevernutstyr er for tida akseptabel og under god overvaking. Det er imidlertid eit stort forbruk som vil vedvare i tida framover, slik at det fortsatt vil vere nødvendig med fornuftig og riktig bruk av smittevernutstyr, seier Bakke.
– Det er viktig at vi alle held fram med å følgje tilrådingene frå Folkehelseinstituttet og sentrale myndigheiter slik at vi klarer å halde smittespreiinga nede, sjølv om nokre av dei strenge tiltaka no blir oppheva, avsluttar Bakke.
Helse Midt-Norge har nå fire beredskapsnivå, hvor hvit er normal beredskap.
Justeringene skjer for alle føretaka i regionen.
Beredskapsnivåa:
KVIT beredskap: (Normalberedskap).
GRØNN beredskap: (Skjerpa beredskap). Nytt beredskapsnivå. Brukast ved situasjonar der pasientbehandling er i tilnærma normal drift, men hendingar kan få konsekvensar for drifta.
GUL beredskap: (Delvis mobilisering).
RØD beredskap: (Full mobilisering).