Politiet legg bort brannsak

Illutrasjonsfoto.

Politiet har avslutta etterforskinga av brannen i Dalegata 40 i Kristiansund, melder politiet i en pressemelding torsdag ettermiddag.

Ei kvinne omkom i brannen 20. februar i år, men politiet konkluderer med at avdøde ikkje har vore utsett for
noko straffbart.

Etterforskinga har vist at brannårsaka etter alt dømme er open eld, men noko sikker dødsårsak vart ikkje
påvist under obduksjonen.

Både politiet og ambulanse var i kontakt med avdøde same dag som brannen braut ut, men det har ikkje
kome fram moment i etterforskninga som talar for at politi eller ambulanse kunne ha avverja brannen.