Pelinga for nye Tømmervåg ferjekai er ferdig

Tømmervåg fergekai Foto: Ole Kristian Remkall

Frå onsdag går ferjene i sambandet Seivika-Tømmervåg som normalt igjen. 

Det melder fylkeskommunen onsdag.

Til saman er det bora 22 nye pelar i havbotnen. Den lengste pelen er 41 meter. Desse er fundamenta for den nye kaia.

– Vi har hatt utfordringar med været. Berre i januar og februar var arbeidet innstilt i 20 netter på grunn av for mye vind og vi måtte difor forlenge perioden med innstilte avgangar ut mars. Vi er derfor nøgde med å vere ferdige ei veke før denne planen, seier prosjektleiar Arild Vikan i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bygger nytt landkar og pir

No startar bygginga av nytt landkar og ny pir. Betongarbeida startar etter påske. Tilleggskaia (piren) blir bygd lengre og breiare for å kunne ta imot dei nye ferjene i sambandet. Støypinga skjer oppå den gamle tilleggskaia. Ho blir riven frå undersida når den nye kaia er ferdig.

Ferdig til hausten

Bygginga vidare skal i all hovudsak ikkje skape hindringar for ferjene. Det kan vere arbeidsoperasjonar som kan føre til innstilling av nokre få avgangar fram til arbeida er ferdige i haust. Det vil bli varsla gjennom SMS-tenesta til Fjord1 og på frammr.no.

Bileta som er lagt ved kan nyttast fritt mot kreditering til Ole Kristian Remkall.
Meir informasjon om ferjekaiprosjekta på Nordmøre: https://mrfylke.no/om-oss/prosjekta-vaare/vegprosjekt/ferjekaier-paa-nordmoere