Over tusen år gammalt skip funne på Edøy i Smøla

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Ved hjelp av georadar har arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) avdekka spor av eit skip i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Skipet er sannsynlegvis frå vikingtida eller eldre.
– Dette er eit funn som har både nasjonal og internasjonal betydning, seier klima- og miljøminister, Ola Elvestuen.
Saken fortsetter etter annonsen
– Skipet er viktig for vår felles historie. Noreg og Møre og Romsdal har eit stort ansvar i å forvalte funnet. No må vi må finne den rette måten å behandle det på, seier Elvestuen.
Oppdaginga skjedde som ein del av kartlegginga av Edøy, gjennom prosjektet Ein bit av historia, der Møre og Romsdal fylkeskommune sit i førarsetet.
– Oppdaginga er heilt unik og på linje med Tuneskipet.Dette er eit fantastisk funn som understreker kor sentral posisjon denne øya har hatt i historia, seier Arve Nytun, arkeolog i fylkeskommunen, som leia arbeidet fram til funnet.