Nye innstramminger på karantereglar for reisande

NIAID Rocky Mountain Laboratories (RML), U.S. NIH / Public domain

Alle som har vore på reise i utlandet med unntak frå Sverige og Finland i perioden etter 27. februar skal halde seg i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst.

Det melder Helse Møre og Romsdal lørdag.

​Helse- og omsorgsdepartementet har vedteke at alle som har vore på reise i utlandet med unntak frå Sverige og Finland i perioden etter 27. februar skal halde seg i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst.

Dette er uavhengig av om dei har symptomar eller ikkje.

Dette gjeld også for personar som kjem til Norge frå Sverige eller Finland, og som har opphaldt seg i andre land i løpet av dei siste 14 dagane.