Fiskerinæringa er ein av dei viktigaste årsakene til at det bur folk langs norskekysten. Siste publiserte ringverknadsanalyse viser at kvar fiskar i Noreg i gjennomsnitt gir arbeid til 7,14 andre.
I den nye klimaplanen går regjeringa inn for ein auke i CO2-avgifta til 2.000 kroner per tonn i 2030, mot 590 kroner i dag.
Eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk kan også fort bli eit historisk taktskifte i norsk fiskeri. Det er ei gryande uro for kva konsekvensane av auka CO2-avgift har for fiskeflåten og norsk fiskerinæring, og i kor stor grad fiskeflåten kan tilpasse seg endringane raskt nok til å unngå smellen.
Norskfanga fisk gir blant dei lågaste CO2-avtrykka av alle typar mat. Dersom drivstoffprisen aukar så mykje som klimameldinga tilseier, er det mange typar fiske som ikkje lenger er lønsame. Fiske etter desse artane vil måtte bli erstatta av andre matvarer som ikkje har like lågt CO2-avtrykk. Effekten av denne klimapolitikken kan fort føre til at CO2-forbruket vert drive opp og ikkje ned.
Denne konsekvensen er det viktig å utgreie før endringane eventuelt vert vedtekne Det er også viktig at Noreg ikkje aleine implementerer slike løysingar. Konkurransevilkåra må vere så like som mogeleg for dei nasjonane som konkurrerer i same marknad. Ein vil også kunne risikere at ein berre oppmuntrar fiskarane til å legge om drifta slik at dei kan fylle drivstoff i kringliggande land.
Skjer det, kan neste steg fort bli at fisken også vert landa i utanlandske fiskerihamner, der mannskapsbytte skjer, og der ein handlar utstyr og forsyningar. Dette vil true kystdistrikta i Noreg som i dag lever godt av at fiskerinæringen.
Ved utgangen av 2019 var det 11.054 fiskarar i Noreg og med ringverknadsfaktoren på 7,14 får vi at dei gir arbeid til om lag 80.000 menneske. Vidare er eksportverdien av norsk villfanga fisk godt over 30 milliardar kroner. Dette er fakta og viser at norsk fiskerinæring er svært viktig for busetting langs norskekysten og for norsk økonomi.
Rammene – lovverket, forskriftene, reguleringane og avgiftene – som avgjer kven, kvar og korleis fiskerinæringa vår skal vere, er kompliserte og har vorte til over lang tid. Sysselsettingseffekten, eksportverdien og lønsemda i næringa viser likevel at rammeverket med nokre få unntak er godt.
Forståeleg nok er det vanskeleg for politikarar og andre å sette seg inn i og forstå rammene fullt ut.
Det er likevel ei forventing om at dei som har makt til å endre rammene, set seg inn i kva dei styrer med før dei endrar det som verkar. Endringar sett i gang av makthavarar med avgrensa kompetanse, kan få dramatiske følgjer.
Medan fiskarane prøver å fordøye regjeringa si kvotemelding og grundar på om dei skal tilpasse seg den nye kvotemeldinga, kjem det ei Stortingsmelding (Klimaplan for 2021-2030). Fiskeri er så vidt nemnt eit par plassar utan at nokon vert klok av det. Det meldinga likevel legg opp til er auke i CO 2 – avgifta og fjerning av refusjon for norske fiskebåtar. Dette vil innebere ein ekstrakostnad gradvis trappa opp til kr 5,32 pr liter drivstoff i 2030.
Gjeldande regelverk fører til at båtar vert bygde høgare og breiare enn dei er lange med stabilitet i grenseland og elendig framdriftsøkonomi som resultat. Dynamikken i eksisterande heimelslengderegulering vert gjort statisk med det resultatet at ein fiskar med ein båt på X meter for all framtid må ha ein båt på X meter. I tillegg vert det presisert frå høgaste hald at kvotesystemet
(forholdet mellom grunnkvote, strukturkvote og tilbakefall) er høgst usikkert og at dei kan endra dagens system kva tid dei måtte finne det for godt og korleis dei måtte ynskje det. Dette fører til at bankar, reiarar og fiskarar ikkje veit noko som helst om framtida. Planar om nybygg vert no lagde på is, og bankane lurer på om dei torer å låne pengar til næringa.
Kva vil så resultatet av dette vere – «Kvotemeldinga» og «Klimaplanen»? Har dei som står bak meldinga planar om å strukturere næringa, slik at det berre er nokre få superbåtar att? Dersom ein ynskjer at norsk fiskeri skal organiserast på ein sånn måte, må alle unge, satsande fiskarar få greie på det no, slik at dei kan ta med i vurderingane sine kva vilkår som gjeld i framtida.
Dersom ein verkeleg ynskjer omstilling er det fleire metodar ein kan nytte for å få til dette. Ein kan i ytterpunkta nytte «gulrot» eller «pisk». Her har den borgarlege regjeringa valt å nytte pisk utan at dei heilt skjønar konsekvensane.
God økonomi i reiarlaga er naudsynt for at dei sjølve skal kunne drive innovasjon og utvikling.
Fjernar, eller reduserer ein lønsemda, forsvinn også evna til å vere med på utvikling av ny og utsleppsvenleg teknologi. Reiarlaga er i dag svært fokuserte på å redusere energibruken og er sjølve sterke drivarar for betre drivstofføkonomi og reduserte utslepp. Ved å nytte «pisk- metoden» vil resultatet truleg verte det motsette av regjeringa sin intensjon.
Konsekvensane av den farlege cocktailen «Kvotemelding» og «Klimaplan» vil kunne verte:
Klimaplanen:
Marginale fiskeri blir ulønsame
o Mister internasjonalt opparbeidde rettar
o Lågare sysselsetting
I store deler av flåten er bunkersutgifter fordelingsgrunnlag for lotten
o Arbeidstakarane vil kome til å betale prisen for avgiftsauken
Flåten vil automatisk bli strukturert
o Flåten vil bli organisert i større og færre båtar for å kunne skape lønsemd
Ringverknadseffekten vil bli påverka
o 1 fiskar ut av næringa vil føre til at 7,14 andre arbeidsplassar forsvinn
Fiskeriaktiviteten blir retta mot der det er lettast å fange fisken
o Fiske på mindre og kystnær fisk – mindre berekraftig hausting.
Større sesongtoppar
o Utfordringar for landindustrien
o Lågare pris
Kvotemeldinga:
Vanskeleg for fiskarar å starte med ein mindre båt for å arbeide seg oppover til større båt.
o Redusert investeringsvilje og rekruttering
Usikkert rundt framtidig strukturkvote og tilbakefall av rettar.
o Manglande investeringsvilje og redusert finansieringsvilje frå bankane.
Dei folkevalde må sette seg inn i problemstillingane og konsekvensane og hindre endringar som vil få svært negativ innverknad på busetting og næringsverksemd på kysten.
Det kan ikkje førast ein politikk i dette landet som set 80.000 arbeidsplassar knytt til norsk fiskerinæring i spel. I tillegg truar «Klimameldinga», direkte og indirekte, arbeidsplassar knytt til kystfart.