No skal det bli lettare å søke om støtte til festivalar og kulturarrangement
Nye retningsliner for tilskot kan gi kulturlivet meir føreseieleg økonomi.
– Formålet med ordninga er mellom anna å gjere kunst og kultur av høg kvalitet meir tilgjengeleg for flest mogleg og styrke grunnlaget for eksisterande og ny aktivitet. Vi ønsker også å stimulere til engasjement, mangfald og kvalitet i kunst- og kulturtilbodet i fylket, seier fylkeskultursjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Festivalstøtte
Med den nye ordninga kan no fleire større aktørar søke på eitt- eller treårig tilskot til festivalar eller kulturarrangement. Festivalar og kulturarrangement som mottar offentlege tilskot frå kommune og/eller stat blir prioritert, i tråd med kulturlova som seier at stat, fylkeskommune og kommune skal gi kulturlivet føreseielege rammevilkår.
Ordninga gjeld for regionale festivalar og kulturarrangement for kulturarv, musikk, scenekunst, litteratur, visuelle kunstartar og film, samt idrett og fysisk aktivitet.
Forenkling
Det blir også enklare å søke. Alle tilskot til festivalar og kulturarrangement blir samla i eitt, både eitt- eller treårig støtte. Søknadsfristen for treårig støtte var i 1. juni 2018, men det vert opna for at regionale festivalar og kulturarrangement kan søke på eittårig støtte for 2019.
Søknadsfrist for den eittårige ordninga er 1. desember 2018. Meir informasjon på mrfylke.no