Nedgang i sjukefråværet
Det legemeldte sjukefråværet gjekk ned frå 2024 til 2025 i Møre og Romsdal. Samla for 2025 enda sjukefråværet på 5,7 prosent, ein nedgang på 1,8 prosent samanlikna med 2024, melder Nav.
Sjukefråværet i fjerde kvartal 2025 var 6,0 prosent, mot 5,9 prosent i same kvartal året før.
– Vi ser ei svak auke i det legemeldte sjukefråværet i fjerde kvartal i fjor, og at fråværet i Møre og Romsdal framleis ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Det gjer det ekstra viktig å halde fram arbeidet med å førebyggje sjukefråvær og støtte både arbeidsgivarar og arbeidstakarar i oppfølginga.Tidleg dialog, tett oppfølging og god tilrettelegging på arbeidsplassen kan vere avgjerande for at fleire held fram i jobb, seier fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal.

Kommunal sektor har høgast sjukefråvær i 4. kvartal
Det er framleis store skilnader mellom sektorane. Kommunal forvaltning hadde det høgaste sjukefråværet i fjerde kvartal, med 7,8 prosent.
I statleg forvaltning var sjukefråværet 6,7 prosent. Privat og offentleg næringsverksemd samla hadde det lågaste sjukefråværet med 5,3 prosent.

Lågast sjukefråvær i Sunndal kommune
I Sunndal kommune har sjukefråværet vore stabilt lågt i fleire år. I fjerde kvartal var det på 4,2 prosent, det lågaste nivået blant kommunane i fylket. Ulstein med 4,6 prosent og Surnadal med 4,9 prosent er dei to andre kommunane med sjukefråvær under 5 prosent.
Blant dei største byane har Ålesund lågast sjukefråvær med 5,7 prosent. Molde har 6,2 prosent, medan Kristiansund ligg høgast av dei tre, med 6,4 prosent fråvær i fjerde kvartal.

Sjukefråværet 4. kvartal 2022-2025 i prosent etter fylker og kommunar



