Av:
Bengt Fasteraune, stortingsrepresentant for Senterpartiet og medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen
Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet
Vegane våre er viktige for folk og næringsliv, og prioriteringa mellom prosjekt må skje både på fagleg grunnlag og politisk. Selskapet Nye Veier vart danna av regjeringa for fire år sidan, og får stadig fleire store og viktige prosjekt inn på oppdragslista si, på kostnad av Statens Vegvesen. Dette er langt ifrå uproblematisk, for det er umogleg å vita når vegane til Nye Veier blir ferdigstilte. Når dei får tilført stadig fleire vegar, blir då også gjennomføringa og sluttføringa av prosjekta endå meir uforutsigbare. Nye Veier får ikkje politiske føringar som avgjer dette. Dei skal byggje ut dei såkalle mest samfunnslønsame prosjekta først og vente med dei andre.
På direkte spørsmål frå oss i Senterpartiet har samferdselsministeren svart at «det er viktig at Nye Veier AS gis nødvendig handlingsrom til å prioritere og å legge opp en effektiv langsiktig gjennomføringsstrategi for sin virksomhet. Jeg har dermed ikke noe ønske om å påvirke Nye Veier AS i denne saken da dette vil stride mot formålet ved opprettelsen av utbygningsselskapet.»
Kva betyr dette for Møre og Romsdal? Jo, det betyr at vi ikkje veit noko om når viktige prosjekt blir ferdige, om det er i år 2025 eller 2039, i staden for at politiske føringar kunne ha slått fast nettopp dette. Forutsigbarheit er viktig både for lokalsamfunna rundt om og ikkje minst for næringslivet. Danninga av Nye Veier og stadig fleire oppdrag til selskapet har bidratt til det motsette.
Vi tek eit døme med Eksportvegen, E136. Høgres Helge Orten, som er leiar i transportkomiteen, har påstått at Norske Veier prioriterer strekninga E136 Dombås-Vestnes høgt. Faktum er at dette er nest sist på lista til Nye Veier over aktuelle prosjekt. Er det å vera høgt prioritert? Orten kan ikkje svara for når det blir oppstart på strekninga. Sjølvsagt kan han ikkje det, det er jo opp til Nye Veier, ikkje til regjeringa. Vi i Senterpartiet meiner det ikkje finst gode grunnar til å flytte E136 over til Nye Veier, men denne regjeringa gjer dessverre mykje som dei ikkje har gode grunnar til.
Vegbygging kokar ned til økonomi og politiske prioriteringar. Statens Vegvesen har planlagt omtrent ferdig prosjekt som dei ikkje har fått nok pengar til å starte opp, men plutseleg blir slike flytta til Nye Veier og det vil sjå ut som om det er eksistensen til dette selskapet som fører til meir vegbygging. Men det er jo dei økonomiske rammene som er avgjerande. Regjeringa vil heller gi tilsynelatande romslege og fleksible rammer til eit statleg vegselskap med eit eige styre utan politisk påverknad. Kva med å erkjenne at dette fører til håplaus uforutsigbarheit. Regjeringa bør heller tåle å gjera politiske prioriteringar og stå for dei.
Nasjonal transportplan for åra 2022-33 skal behandlast i Stortinget i vår. Det blir ikkje enkelt, for behova er alltid mykje større enn handlingsrommet. Vi i Senterpartiet vil kjempe for at samferdselspolitikken skal føre til verdiskaping og velferd i heile landet. Då er det viktig å halde fast ved at gamle vegar skal bli betre vegar etter politiske føringar, ikkje etter kva Nye Veier finn for godt.