Møreaksen har torpedert regionsutvikling!
Grunnen til at både Ap, Sp og oss i FrP har skrota Møreaksen heilt ut av gjeldande NTP sine 12 årsplan, er at dette prosjektet til mange, mange titals milliard kr, i realiteten har torpedert all regionsutvikling innan samferdsel her i fylket.
Møreaksen har i lang tid, heilt uriktig, tilrøva seg det aller meste av planleggingsmidlar her i fylket, og over 500 mill kr er sløsa vekk.
Dette har ført til at dei verkeleg viktige næringsvegane her i fylket har blitt skubba ut i øydemarka.
E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa, som er fylkets desidert mest trafikkerte veg med godt over 20000 bilar i døgnet, og ein av landets mest ulykkesutsatte vegstrekningar, er skvisa fullstendig vekk pga Møreaksen.
Det samme ang Eksportvegane E136 Ålesund til Bjorli, rv. 70, og Strynefjellet har alle blitt skubba langt ut i øydemarka tidsmessig, pga ranet av planleggingsmidlar til Møreaksen.
Andre viktige vegprosjekt slik som Voldatunellen, E39 Ørsta til Festøya og ei eventuell Ørstafjordkryssing, Langfjordkryssinga og rv. 650 Børdalslinja, har alle blitt parkert ut av alle planer om framdrift pga Møreaksen.
Dessverre har Statens vegvesen mykje av skulda for dette. Kvar har den såkalla «fagetaten» rota vekk all sunn fornuft og faglige vurderingar, når vegstrekningar der folk mista livet ikkje vart prioritert, berre prestisjeprosjektet Møreaksen fekk ture fram?
Aldri har det tidligare vorte gjort større feilgrep innan samferdsel, som det Møreaksen har torpedert.
No har heldigvis dei andre viktige vegprosjekta her i fylket igjen blitt børsta støv av, og vil bli prioritert grundig framover.
Møreaksen er heldigvis død og begravet langt ut av NTP, der ein no kun utgreiar ferjealternativa over Romsdalsfjorden, der Møreaksen som prosjekt er heldigvis skrota langt ut av NTP.
FrP prioriterer å bygge infrastruktur her i fylket som vanlige folk og næringsliv faktisk har behov for.
Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger er vedteke etter framlegget frå FrP, og planlegging og prosjektering er i full gang.
E39 Solevågseidet-Blindheim til Moa vil bli lagt inn i dei fleste partier sin NTP i 2028, og må framstå som fylkets og eit av landets viktigaste vegprosjekt å få realisert.
E136 frå Ålesund til Bjorli må i sin heilheit overførast til Nye Veier as. Statens vegvesen har svikta totalt, når den mest trafikkerte strekninga på denne livsnerven av ein Eksportvegen frå Ålesund til Vestnes, er skvisa vekk av Statens vegvesen over mange tiår.
Det samme gjelder rv. 70 som ein viktig Eksportvegen for Nordmøre, samt å få realisert E39 forbi Batnfjorden og sjølvsagt også få realisert Voldatunellen snarast råd.
DETTE er regionsbygging, DETTE er det viktigaste for Møre og Romsdal fylke, ikkje å fortsette å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på eit håplaust prosjekt slik som Møreaksen, som eit stort fleirtal her i fylket egentlig ønsker dit pepper’n gror!



