KSU 24/7
3 minutter lesetid

Minus 23,1 millioner kroner i oktober

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Onsdag ettermiddag offentliggjorde Helse Møre og Romsdal tallene for oktober, som viser at helseforetaket går kraftig i minus med 23,1 millioner kroner.

Saken fortsetter etter annonsen

Det melder NRK Møre og Romsdal.

Måneden før var underskuddet i HMR på 25,3 millioner kroner.

Espen Remme må gjøre rede for de store underskuddene i Helse Møre og Romsdal for styret i Helse Midt-Norge torsdag.

Dette skriver HMR på sin hjemmeside onsdag ettermiddag:

Sjølv om aktivitetsnivået og inntektstala i Helse Møre og Romsdal var positive i oktober, bidrog mellom anna varekostnadar og lønsutgifter til auka kostnadar og minustal.

– Vi var førebudd på minustal for oktober, men ikkje i det omfanget som resultatet viser. Det er hovudsakeleg avvik knytt til varekostnadar og løn som dreg resultatet i negativ retning og tiltak som var sett inn på løn frå 1. oktober har i liten grad slått til, seier adm.dir. i HMR Espen Remme.

Avvik på resultat

Resultatet i oktober viser eit avvik mot nytt resultatkrav på minus 23,1 mill. kroner og minus 74,3 mill. kroner hittil i år. Prognosen er vidareført med minus 89 mill. kroner målt mot budsjett. Det negative avviket i oktober er noko høgare en føresett i prognosen for året. Det er difor større risiko knytt til endeleg resultat for 2018. For å avgrense den negative utviklinga i resultat blir det innført tilsettingsstopp og innkjøpsstoff av ikkje kritisk forbruksmateriell og utstyr i føretaket.

Legg fram forslag til nye tiltak

Under styremøtet i Helse Møre og Romsdal 24.oktober blei styret orientert om at tiltaka i vedtatt utviklingsplan for HMR 2019-2022 ikkje er tilstrekkeleg for å sikre fagleg og økonomisk berekraft i helseføretaket. Med dette som bakgrunn bad styret om at det blir lagt fram forslag til strukturelle endringar i tenestetilbodet ut over det som ligg i utviklingsplanen.

– Tilbakemeldingar frå tilsette peikar på at det er utfordrande å halde rammene ut frå dei forventningane det er til å oppretthalde tenester og strukturar. Vår viktigaste oppgåve er å sikre ei positiv utvikling av føretaket gjennom tiltak som gir varig effekt og 4. desember legg vi fram eit forslag til styret i HMR, seier Remme.

Månadsrapporten for oktober blir lagt ut på www.helse-mr.no kl. 09.00 torsdag 15.nov