Frå måndag 14. februar blir det ikkje lenger ventehall og betening av kundar inne på trafikkterminalen i Kristiansund.
Busspassasjerane skal no ha ventehall saman med Kristiansund hurtigbåtkai, mens skranken ved trafikkterminalen opnar måndag 21. februar i Fosnagata 16A, der Zikk Zakk frisør heldt til.
Grunnen til flyttinga, er at rivinga av trafikkterminalen startar kommande måndag. På tomta til den gamle rutebilstasjonen skal Campus Kristiansund byggast.
Opningstidene for hurtigbåtterminalen vil vere: Måndag til laurdag klokka 07.00-23.00, søndag kl. 12.00-23.00.
Opningstidene for skranken vil vere: Måndag-fredag kl. 08.00-16.00.
Bussane vil bruke same oppstillingsplassen i fire til åtte veker før han blir flytta.
Du kan kontakte FRAM Kundesenter ved spørsmål, og kjøpe billett og fylle på reisekortet på bussen. I FRAM-appen kan du søke i rutetider og kjøpe billettar. På frammr.no kan du finne oppdatert informasjon om kollektivtilbodet.