Lensmannskontora vert politistasjonar

Illutrasjonsfoto.

Frå og med i dag vil alle lensmannskontora i Møre og Romsdal politidistrikt ha nemninga politistasjon.

Bakgrunnen er eit pålegg frå Stortinget tidlegare i år om å syte for at det berre er kjønnsnøytrale nemningar i statleg verksemd.

Det melder Møre og Romsdal politidistrikt i en pressemelding fredag.

I Møre og Romsdal fekk alle lensmenn tittelen politistasjonssjef 12.07.2021, samstundes vart namna på lensmannsdistrikta endra til politistasjonsdistrikt.

I dag er altså turen komen til lensmannskontora som frå no av får desse namna:

Smøla politistasjon, Aure politistasjon, Surnadal politistasjon, Tingvoll politistasjon, Sunndal politistasjon, Hustadvika politistasjon, Rauma politistasjon, Vestnes politistasjon, Nordre Sunnmøre politistasjon (tidlegare Haram lensmannskontor), Sykkylven politistasjon, Stranda politistasjon, Volda og Ørsta politistasjon, Ulstein og Hareid politistasjon, Herøy og Sande politistasjon og Vanylven politistasjon.