KSU 24/7
5 minutter lesetid

Kultur for eldre handlar om menneske – ikkje ordningar

For Høgre, KrF, Venstre og FrP er utgangspunktet i kulturpolitikken for eldre enkelt: Vi ønskjer at eldre menneske skal få tilgang til best mogleg kultur, tilpassa deira eigne interesser, livssituasjon og behov. Det handlar om livskvalitet, meistring og verdig alderdom, ikkje om å halde liv i gamle ordningar for ordningane si eiga skuld.

Debatten om «Den kulturelle spaserstokken» har vore engasjert og til tider hard. Det forstår vi godt. Kultur rører ved noko grunnleggjande i oss alle. Samstundes er det viktig å vere ærleg på kva som har fungert, og kva som ikkje har gjort det. Den kulturelle spaserstokken hadde eit godt føremål, men erfaringane viste at ordninga var snever, lite fleksibel og økonomisk svak. Ho nådde ikkje breidda av dei eldre som bur i fylket vårt, og traff i for liten grad mangfaldet av interesser som faktisk finst.

Saken fortsetter etter annonsen

Eldre er ingen einsarta gruppe. Nokre ønskjer konsert, teater eller opera. Andre vil heller gå på museum, lese på biblioteket, delta i friluftsliv eller sjå fotball i fellesskap. Nokre set pris på stilla og fellesskap i ei kyrkje, andre på latter i eit samfunnshus. Nokre bur heime og er aktive kvar veke, andre treng hjelp for å kome seg ut, og nokre bur på institusjon. Difor er det ikkje rett å tru at eitt fast kulturtilbod passar for alle.

Det er nettopp dette administrasjonen i fylkeskommunen har teke på alvor i si saksutgreiing. Fylkeskommunedirektøren stadfestar behovet for nytenking og er tydeleg på at vi heller bør utvikle ei ny og breiare kultursatsing for eldre, enn å gjeninnføre «Den kulturelle spaserstokken» slik ho var. Ei slik satsing kan romme fleire uttrykk, fleire arenaer og fleire ønskje og gje eldre større valfridom i eigen kvardag.

Det er òg verdt å merke seg at Eldrerådet har kome til same konklusjon som administrasjonen, og støttar den same innstillinga til vedtak. Nettopp Eldrerådet representerer dei som faktisk nyttar kulturtilboda for eldre, og deira vurderingar bør tilleggjast stor vekt når ein skal utvikle framtidas kulturpolitikk.

Vi set stor pris på at administrasjonen løftar fram eldre som ei ressurssterk gruppe med ulike interesser, og at fylkeskommunedirektøren foreslår ei satsing som kan omfatte alt frå profesjonell kunst til friluftsliv, museum, bibliotek og idrett. Like viktig er forslaget om å organisere dette som eit program i samarbeid med kommunane, kulturaktørar og Eldrerådet. Det er slik ein skaper tilbod som faktisk treffer folk, gjennom dialog, samarbeid og respekt for brukarane.

Retninga er òg godt forankra i den nye fylkesstrategien for kultur, der eitt av måla er at «Eldre har kultur- og friluftstilbod som gir sosiale møteplassar, aktivitet og trivsel». Eit av dei konkrete tiltaka er nettopp å «utvikle nye tilbod og satsingar til eldre, der dei bur». Dette understrekar behovet for fleksible og lokalt tilpassa løysingar framfor ei einsarta ordning.

Vi meiner òg det er viktig å peike på eit nasjonalt ansvar. Arbeiderpartiet og Senterpartiet lova i si eiga Hurdalsplattform å lovfeste «Den kulturelle spaserstokken», men valde å ikkje følgje opp. Dette vart seinast bekrefta av statssekretær Trude Storheim 30. mai 2025 til NRK, med begrunning i at ordninga var stivbeint, lite fleksibel og at det ikkje vart funne plass til ordninga i eksisterande budsjett. Skal ein vere truverdig i kulturpolitikken for eldre, må ein òg levere nasjonalt.

Saken fortsetter etter annonsen

For oss handlar dette ikkje om namn på ordningar eller symbolske markeringar. Det handlar om menneske. Om at eldre skal bli sett, lytta til og respekterte. Om at kulturtilbod ikkje skal vere noko ein «får», men noko ein kan velje, delta i og forme sjølv.

Difor støttar vi administrasjonen si klare anbefaling om å sjå framover. No har vi ei gyllen moglegheit til å samle brei politisk semje om ei framtidsretta kultursatsing for eldre, med ei satsing som gir rom for mangfald, interesse, medverknad og livsglede.

La oss bruke denne diskusjonen til å skape noko betre saman.

Det er slik vi viser i praksis at vi bryr oss om dei eldre i Møre og Romsdal.

Høgre, KrF, Venstre og FrP i Kultur- og Folkehelseutvalet i Møre og Romsdal