Minna om krigsutbrotet våren 1940 og frigjeringa fem år seinare blir markert på mange måtar i desse dagar. Her litt om to dramatiske episodar knytte til rutebåten «Statsraad Riddervold».
«Riddervold» var blant dei mest profilerte damprutebåtane. Den gjekk i Trondheims-trafikken alt frå 1870-talet og prega seinare fjordafarten på Nordmøre.
Frå 28. april til 1. mai 1940 var Kristiansund utsett for heftig tysk bombing. 800 av 1300 bygningar brann heilt eller delvis ned. 13 000 innbyggjarar (av i alt 15 000) var i byen da raseringa starta.
Bomba detonerte ikkje
Søndag 28. april skulle «Statsraad Riddervold» gå frå byen og til Surnadalsøra med gods og eit halvt hundre passasjerar.
I Omsundet vart skipet utsett for tysk flyangrep. Skotsalver small inn i skutesida. Ei flybombe gjekk gjennom brua og fleire dekk før ho – utan å eksplodere! – hamna i eit fat med asfalt (eller vegsalt) underst i skipet.
Dampbåten returnerte til byen, der passasjerane gjekk på land. Det som kunne ha vorte ei katastrofe med mange omkomne, endte altså utan tap av menneskeliv – takka vera at flybomba ikkje detonerte.
Del av bomba
Kapteinen, Henrik Stiansen, tok vare på ein forvridd del – truleg av styrevengen – på denne bomba. Denne var i familiens eige fram til hausten 2021. Da tok sønnen John Stiansen kontakt med Bøfjorden Historielag og forærte bombevengen til Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Ein av grunnane til dette var at «Statsraad Riddervold» i 1944 forliste i Bøfjorden og at historielaget her har dokumentert både dette forliset og mykje anna om denne dampbåten.
På tur til songarfest
Laurdag den 4. mars 1944 var «Riddervold» på veg inn til Skrøvsetvika med rundt 60 om bord. Blant desse var Halsa Songlag på veg til songarfest på ungdomshuset – det noverande Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Andre var på heimveg til helga. Ein hadde kjøpt nye sko hos Bergem i Torjulvågen. Jordmor Astrid Svendsli hadde følgt ei barselskvinne til sjukehuset i byen. Ei kone frå Halsa hadde med graut og blautkake som «sengja-mat» til ei nybaka mor i Snekkvika.
Grunnstøytte i snøtjukka
I snøtjukka går dampen på eit skjer ved Skrøvsetholmen. Båten krengar og får vatn over dekk. Kaptein Stiansen blir så hardt skadd – truleg ved eit fall på kommandobrua – at han mistar livet.
Ei motorskøyte og mange robåtar var raskt framme ved dampen og berga folk på land. På ungdomshuset vart det ingen konsert. Men frosne og forkomne skipspassasjerar fekk god hjelp og pleie. Utanom kapteinen var ingen alvorleg skadd.
Posten og grautfatet berga
Mykje gods og bagasje gjekk tapt. Men storparten av postsendinga vart berga. Like eins også fatet med barselsgraut – det rak på land og vart attfunne inne i Settemsbukta!
Ut på natta gleid dampbåten ut på litt djupare vatn og vart liggande med baugen og deler av overbygget oppe. Etter nokre veker vart skroget heva og reparert og omsider sett inn att i rutetrafikken for MRF.
Ærverdige «Statsraad Riddervold» vart sletta frå skipsregistra i 1951 og opphoggen. Men skipet kunne vise til ei interessant og betydningsfull historie for rutetrafikken på Nordmøre.
Og til minst to dramatiske episodar frå krigens dagar.



