Koronasmitta pasient innlagd ved Volda sjukehus

Palma Hånes, klinikksjef ved Volda sjukehus Foto: HMR

Torsdag 19. mars blei ein person innlagd ved sjukehuset i Volda med koronasmitte

Pasienten har vore sjuk over ei tid og tilsette ved sjukehuset var derfor godt forberedt på å ta i mot pasienten. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Volda sjukehus har vore eksponert for smitte.

– Vi har følgt våre smittevernprosedyrer og har gode planar for korleis vi skal ta imot pasientar som er smitta med korona. Pasienten ligg i ein skjerma del av sjukehuset (kohortavdelinga) i isolasjon. Tilstanden er stabil, seier Palma Hånes, klinikksjef ved Volda sjukehus.

Personen som er innlagd kom heim frå ferie i Østerrike 7. mars og har vore i heimekarantene sidan da