Det er fint at regjeringspartia saman med Ap ikkje gjekk inn for å leggje ned HV-11 på Setnesmoen i Rauma no. Det er likevel urovekkjande at desse tre partia ikkje kjem med ein einaste garanti for HV-11, men heller skuvar på avgjerda til etter valet neste år. Då skal landmaktsutgreiinga handsamast i Stortinget, og framtida til hæren og heimevernet avgjerast. Vi i Senterpartiet har heile tida vore tydelege på at vi vil oppretthalde HV-11, og på at hæren og heimevernet generelt treng ei styrking.
Det er likevel urovekkjande at desse tre partia ikkje kjem med ein einaste garanti for HV-11
Det vi har sett i det siste, er ei formidabel mobilisering for heimevernet frå mange hald. Når det no blir blåst til pause i kampen for HV-11, er det viktig at dette engasjementet ikkje blir svakare til neste gong saka kjem opp. Senterpartiet vil halde fram med å stå på for meir midlar til forsvaret og for eit sterkare heimevern, men denne kampen vinn ingen aleine. Gode krefter må stå saman også i neste omgang. Det vi veit om regjeringa, er at dei allereie har gjort framlegg om å leggje ned Setnesmoen. Vi veit altså kva dei vil. Det er såleis all grunn til å tru at viss Høgre og Frp kjem i regjering igjen neste haust, vil de bruke landmaktutgreiinga som eit godt høve til å leggje ned HV-11.
Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet