Hurtigbåten mellom Edøy (Smøla) og Kristiansund er innstilt fram til hurtigbåtkaia er reparert. Frå tysdag 19. mars vil det derfor bli nokre endringar i rutebusstilbodet på Smøla (Veiholmen og Hopen) slik at dei reisande som normalt tek hurtigbåt skal kunne komme seg til/frå Kristiansund.
Reisemoglegheiter frå Smøla
- Avgangen for rute 831 frå Veiholmen og Hopen er flytta 10 minutt fram. Veiholmen frå klokka 05.50 til 05.40, og Hopen frå kl. 06.05 til 05.55.
- Avgangen for rute 832 frå Hopen er også flytta 10 minutt fram, frå kl. 05.50 til 05.40.
Reisemoglegheiter frå Kristiansund
- Reisande kan reise med rute 821 Kristiansund-Aure til Sandvika ferjekai for deretter å ta 831-bussen frå Edøy.
- Frå Edøy til Hopen er nokre av avgangane til bussen flytta fram med 10 og 15 minutt, sjå eigen rutetabell.
Last ned Rutetabell[pdf]