KSU 24/7
2 minutter lesetid

Innfører tiltak på Seivika-Tømmervåg

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

 

Møre og Romsdal fylkeskommune har gått ut med ei oppfordring til transportørar av farleg last (gass) på ferjesambandet Seivika-Tømmervåg.

Frå 13. juli blir det sett inn midlertidige tiltak på Seivika – Tømmervåg, fram til skumslukkeutstyr er på plass til hausten.

Under «Fru Guri av Edøy» 13.-16. juli vil det ikkje bli  prioritert farleg last på avgangane knytt til førestillingane.

Vil unngå farleg last på A-ferja

Det har også blitt oppfordra til, at frå og med 17. juli, skal transport av farleg last på kvardagar berre bli prioritert på avgangane til B-ferja. Dei som fraktar farleg last, har også vorte oppfordra til å unngå avgangar med pendlartrafikk på morgon og ettermiddag.

Prioritering i helgene

På laurdagar vil ikkje farleg last bli prioritert på avgangar frå Seivika etter klokka 10.30 og frå Tømmervåg før kl. 12.30. Dette med tanke på korrespondanse med ferjesambandet Edøya-Sandvika. På søndagar vil farleg last bare berre bli prioritert på avgangar med B-ferja.

Desse tiltaka vil vare i perioden fram til ei ferje med skumslukkeutstyr er på plass på i A- ruta. Denne vil vere på plass frå september/oktober.