For eit år sidan gjekk Nordmørslista til valg, ei liste som vart utløyst av sjukehussaka. Vi veit alle korleis det gjekk…. Sjukehussaker er reint formelt ikkje ei fylkestingssak, det er heller ikkje kommunale saker. Eg har difor ikkje kommentert sjukehussaka så mykje, og ikkje kommunale saker, men så går det ei grense for meg og.
Nordmøre har i lang tid lidd under ei skeivfordeling av arbeidsplasser, kome dårleg ut på mange og viktige områder. Eg skal vere ærleg og innrømmer at på ein del andre områder har Nordmøre kome greitt ut. Dette er dei saker der folk som har stått på og kjempa hardt for sitt hjartebarn.
Er det noko vi nordmenn liker er det når David kjemper mot Goliat, uavhengig av utfallet. Vi respekter folk som kjemper mot overmakta, som bit tennene saman, krummer nakken og går ned med flagget til topps om naudsynt.
No skal det avgjeras om Kristiansund skal anke avgjera i rettsaka om valget av ny tomt for eit eventuelt nytt fellessjukehus. Eg skal ikkje gå inn på fakta eller ikkje fakta, kva som er rett og gale i den samanhengen, den debatten raser uansett. Men eg vil fokusere på det symbolske her.
Folket på Nordmøre har kjempa mot overmakta i denne saka, det har vore samla inn mykje penger, det har vore eit enormt engasjement hjå befolkninga. Sjukehussaka har samla Nordmøre, men så skjeddde det noko. Media har saman med ivrige nett-troll og debattaner meistra å få dette til å verte ein bykamp mellom Molde og Kristiansund. At dette gjeld kva som er best for pasientane er viss gløymt i ordvekslingar om arbeidsplasser og skatteinntekter. Nordmøringane utanfor Kristiansunds bygrense har gløymd at sjukehussaka i høgste grad gjeld dei og.
I dagens politiske jungel er det dukka opp eit begrep ;»byane som ein regional motor»,det er byane som skal vere drivkrafta for utviklinga både i byane og i distrikta rundt. Uavhengig av kommunesamanslåing er det viktig at by og land går saman hand i hand, det kan vi ikkje seie er tilfellet her på Nordmøre. Vi er ikkje dei beste naboane til kvarandre.
Skal Nordmøre reise seg som fugl Phønix lyt politikkarane i Kristiansund syne nabokommunane at dei er ein kraftfull motor, ein motor som gjev gass i motbakker, som er slitesterk og ikkje svikter når det gjeld som mest. Difor er det uhøyrd at det er snakk om å ikkje anke utfallet av rettsaka om tomtevalet. Med tanke på det Kristiansund bør vere, så skjøner eg ikkje ein gong kvifor det vurderes å ikkje anke. Med alle lovnandane om å ikkje gje opp, den tilliten velgarane har gjeve politikkarane, så vil vedtak om å ikkje anke vere eit gedigent svik mot befolkninga på Nordmøre.
Ikkje berre eit svik i sjukehussamanheng, men på alle områder der byen er tenkt som ein regional motor. Kvifor skal nordmøringane støtte opp om ein by som gjev opp i første eller andre motbakke?
Korleis kan vi stole på at det er ein drivande motor og ikkje ein strikkdreven trekkopp-bil?
Utan anke så framstår Kristiansund som ein svak motor, ein så svak motor at det ikkje er verdt å satse på den som noko å søke hjelp og støtte hjå. Er det det signalet Kristiansund bystyre ønsker å gje ?
Det er lett for meg som sit på enden av ein veg i Tingvoll kommune å hamre laus mot Kristiansund, i skuffelse over manglande styrke og motiverande effekt, men det er ei anna side og. Kvar er resten av Nordmøre vorte av i denne saka? Det er stilt frå Aure,Halsa, Smøla og Surnadal, Det er stille frå Averøya, Tingvoll og Gjemnes. Kvar er den politiske støtta til Kristiansund som regional motor? Det hjelper ikkje kva motor ein har om ein mangler karosseri og hjulverk, det er det som ein ser så tydeleg no. Motoren hoster og harker med ettertenning, rådebank og slark i stempla, og resten har kollapsa !
Kristiansund bystyre bør ikkje vere i tvil, anke er er einaste måte å syne at dei og jobber for resten av Nordmøre. OG resten av Nordmøre bør samla gje applaus og støtte til eit vedtak om å anke saka vidare. Kanskje er det viktigare at resten av Nordmøre støtter opp og står samla bak eit slikt vedtak enn sjansen for å vinne ein ny runde i rettsvesenet. Det er som sagt viktig å gje eit signal om at Nordmøre har fått tilbake kampviljen, at vi ikkje gjev oss straks det vert motbør. Vi treng anken meir enn partipolitiske kloke vurderinger og taktiske trekk, vi treng at nokon syner kampvilje.