Fylkeskommunen legg fram tiltakspakke på 175 millionar

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik legg fram i dag eit forslag til ein tiltakspakke på 175 mill. kroner Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Koronapandemien har sett nærings- og samfunnslivet i fylket i ein svært vanskeleg situasjon. Både kultur- og næringsliv har på kort tid opplevd at store delar av inntektsgrunnlaget er borte. Dette er svært alvorleg, og for å bidra til å berge arbeidsplassar og bedrifter, tilrår fylkeskommunedirektøren at det blir løyvd 175 millionar i ekstraordinære midlar til ei tiltakspakke.

– Med bakgrunn i både samfunnsoppdraget vårt, og i rolla som regional utviklingsaktør, er det no viktig at fylkeskommunen bidreg til auka aktivitet og sysselsetting innanfor fleire områder, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.

Han viser til at fylkeskommunen i denne situasjonen har kan gjere grep, på kort og mellom lang sikt.  – Det er særleg innan dei fire områda samferdsel, bygningsvedlikehald, næringsutvikling og kultur vi raskt kan sette inn tiltak, seier Guttelvik.

69 millionar ekstra til samferdselsområdet

På samferdselsområdet har fylkeskommunen fleire tiltak som kan settast i gong no. Både innan drift- og vedlikehaldsarbeid på fylkesvegnettet, asfaltering , utbetring av gang- og sykkelvegar og trafikktryggingstiltak. Dette vil gje auka aktivitet i alle delar av fylket, og vil gi arbeid til både små og store entreprenørar.

50 millionar ekstra til vedlikehald av skolebygg

Det er eit stort vedlikehaldsetterslep på mange av dei vidaregåande skolane. Fylkeskommunedirektøren foreslår å sette av 50 mill. kroner til større og mindre vedlikehaldsoppdrag. Dette er tiltak som vil generere aktivitet hos lokale entreprenør og leverandørfirma.

34 millionar ekstra til næringsutvikling

Etterspørselen etter midlar til bedriftsintern opplæring (BIO) er stor. Fylkeskommunedirektøren foreslår å styrke denne ordninga med 10 mill. kroner. Til å sikre forskingsmiljø for grøn, berekraftig omstilling og å utvikle nye næringsområde er det foreslått å løyve 9 mill. kroner. Vidare blir det foreslått 10 mill. kroner til reiselivsnæringa, og 5 mill. kroner til hoppid.no til omstilling og vekst for mindre bedrifter.

22 millionar ekstra på kulturfeltet

Det nasjonale forbodet mot kultur- og idrettsarrangementet medførte at kunst- og kulturformidlarar mista inntektsgrunnlaget sitt. Dette råka heile verdikjeda til kulturfeltet. Samtidig er kunst og kultur viktig, og vi har sett korleis kulturfeltet raskt har funne nye digitale arenaer for opplevingar no når vi ikkje lenger kan samlast til konsertar, kunstutstillingar, teater, mm. Fylkeskommunedirektøren tilrår å løyve 12 mill. kroner til å opprette ei ordning får å stimulere til produksjon og formidling av kunst og kultur på digitale scener i Møre og Romsdal.For å sikre mangfaldet i kultursektoren, blir det vidare foreslått å løyve 10 mill. kroner til å kompensere for manglande nasjonale tiltak, eventuelt til å styrke nasjonale tiltak. Aktuelle område er mellom anna kompensasjons- og stipendordningar til dei aktørane i kulturfeltet som får bortfall av for eksempel inntekter. Dette gjeld og tiltak som rehabilitering og skjøtsel av friluftsområde og kulturminne.

Fleire tiltak i tiltakspakken

I tillegg til dei ekstra midlane på 175 millionar som er foreslått, er det iverksett ei rekkje tiltak på  innan kultur, reiseliv, landbruk, breibandutbygging, marin næringsutvikling, og entreprenørskap. Dette kjem i tillegg til dei ekstraordinære midlane, og vil bli finansiert av statlege og fylkeskommunale midlar. Eit viktig arbeid for å sikre at læringar frå fullført læretida og gjennomført fagprøve er og prioritert. Fylkeskommunedirektøren legg no tiltakspakken fram til politisk behandling i eit ekstraordinært møte i fylkesutvalet komande tysdag.