Framleis høg tillit til politiet i Møre og Romsdal

Illutrasjonsfoto.

Tilliten til politiet er god.

Nasjonalt er det 82 prosent som har ganske eller svært stor tillit til etaten og det er tre prosentpoeng meir enn for eitt år sidan. I Møre og Romsdal har 78 prosent av innbyggarane ganske eller svært stor tillit til ordensmakta – dette er same oppslutninga som for eitt år sidan og tre prosenpoeng høgare enn i 2018.

Dette går fram av den årlege innbyggarundersøkjinga som Kantar har gjennomført på oppdrag frå Politidirektoratet. Politiet ber kvart år om tilbakemelding frå innbyggjarane. Det går både på det generelle inntrykket og på einskilde felt. Det er viktig for etaten få tilbakemelding på korleis ein vert oppfatta. Det har mykje å seie for korleis ein skal kommunisere om seg sjølve til innbyggjarane.

Tilsaman 8000 nordmenn har vore spurde om si haldning til og inntrykk av politiet sin måte å løyse samfunnsoppdraget på.

Vi er svært glade for at vi held stillinga når det gjeld tillit. Berre 22 prosent av innbyggarane i vårt distrikt har vore utsette for kriminalitet – dette er langt mindre enn andre delar av landet. Vi trur at dette betyr at innbyggarane mellom anna gjer seg opp ei meining om politiet gjennom det inntrykket som er skapt i media. Når ein kjenner til den situasjonen som politiet står i når vi løyser oppdraget med syte for at loveleg verksemd kan gå sin gang på Haramsøya, er det ikkje vanskeleg å tenke seg at dette har medverka til stagnasjonen. Men vi er ikkje i ein posisjon der vi kan velje bort oppgåver som kan gjere oss upopulære, seier visepolitimeister Ingmar Farstad i samband med offentleggjeringa av resultata av innbyggarundersøkinga.

Ein nasjonal tendens er at innbyggarar i store politidistrikt med store kommunar jamt over har meir tillit til politiet, enn innbyggarar i mindre politidistrikt med mindre kommunane.

Politiet i Møre og Romsdal opplever ein liten nedgang når innbyggarane vert spurde om deira kjensle av tryggleik. Det er 92 prosent av dei spurde her i distriktet som seier at dei kjenner seg meget trygge eller ganske trygge. I fjor var det heile 95 prosent av dei spurde innbyggarane som ga uttrykk for det same.

Visepolitimeisteren seier det er vanskeleg å finne ei god forklaring på denne nedgangen.

– Ei av dei viktigste oppgåvene for politiet er å sørge for tryggleiken og for at innbyggarane skal kjenne seg trygge. Vi brukar store ressursar til beredskap og patruljeteneste heile døgnet, året rundt for å oppfylle dette, seier Farstad.

Innbyggarane i Møre og Romsdal er godt nøgde med kor tilgjengleg politiet er. 54 prosent av dei spurde er heilt samd i påstanden om at det lett å kome i kontakt med politiet ved ulike behov. Dette er langt betre enn alle dei andre politidistrikta.

– Det er svært viktig at publikum kjem lett i kontakt med oss og eg er svært tilfreds med at vi lukkast på dette området. Samstundes gir publikum oss god tilbakemelding i undersøkjinga på at vi er regelmessig i lokalområda og at vi kjem raskt til staden når det er behov for akutt hjelp, seier Farstad.

I fjor kom Møre og Romsdal politidistrikt dårleg ut når innbyggarane fekk spørsmål om dei vert behandla med respekt uavhengig av kven dei er. Det same gjorde seg gjeldande på spørsmålet om tenestemennene tok rettferdige og upartiske avgjerder.

– Resultatet er betre denne gongen når det gjeld å behandle folk med respekt uavhengig av kven dei er. Men framleis er det altfor få som meiner at vi at vi tek rettferdige og upartiske avgjerder, så der må vi berre skjerpe oss og kommunisere betre med innbyggarane, seier visepolitimeisteren.

Innbyggarundersøkjinga inneheld også denne gongen ein bolk om korleis publikum meiner dei ulike politidistrikta handterer fleire ulike typer lovbrot.

Farstad seier at distriktet har god måloppnåelse.

Det er sjølvsagt gledeleg at publikum oppfattar oss er svært nøgde med handtering vår av kvardagskriminalitet som lommetjuveri, tjuveri og innbrot. Men det er spesielt gledeleg at vi mellom dei som får beste score når det gjeld handsaming av nye kriminalitetsformer som identitetstjuveri og svindel og bedrageri på internett.

Visepolitimeisteren strekar under at distriktet ikkje kjem dårleg av innbyggarundersøkjinga.

– På nokre område ligg vi heilt i den nasjonale toppen, medan vi på andre område ikkje er like høgt. Ei stor auke i bemanninga, betre organisering og betre arbeidsmetodar, gjer at distriktet no er i stad til å levere ei polititeneste av ei langt høgare kvalitet enn berre for nokre få år sidan.