På grunn av koronasituasjonen er det for tida ikkje mogeleg å betale med kontantar eller bankkort på bussen. Billettar på FRAM-appen eller reisekort kan heller ikkje validerast hos sjåfør eller på skannar.
– Dette har nok gjort at mange trur det er gratis å reise med buss, men dette stemmer ikkje, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar for marknadsseksjonen i FRAM.
– Vi har oppfordra dei reisande til å kjøpe billett i FRAM-appen eller bruke gyldige periodebillettar, held Lillevevang fram.
Før helga blei det gjennomført såkalla lett billettkontroll (utan gebyrlegging) i dei tre byane i fylket. Kontrollane viste at halvparten av dei reisande ikkje kunne legge fram gyldig billett.
– Nokre av desse reisande hadde ikkje smarttelefonar, men mobiltelefonar det berre går an å ringe og sende SMS med. For desse har det ikkje vore mogleg å kjøpe billett sidan koronatiltaka blei innført. For at også denne kundegruppa skal ha moglegheit til å løyse gyldig billett, innfører vi to nye betalingsmetodar, seier Lillevevang.
Slik kan du kjøpe bussbillett:
Du kan kjøpe alle billettar i FRAM-appen
FRAM har lagt ut ei oppskrift for korleis du installerer FRAM-appen og kjøper billett på frammr.no/Billettar/FRAM-appen.
Du kan kjøpe enkeltbillett via SMS.
Reisande kan sende ei tekstmelding med ordet BUSS og beløpet dei skal betale til mobilnummer 1990. Viss dei ikkje veit kva reisa kostar, kan dei gå framover i bussen – men ikkje heilt inntil sjåføren, seie kvar dei skal reise, og så gir sjåføren riktig pris.
Du kan bestille periodebillett frå FRAM kundesenter
Dei som treng periodebillett og ikkje har moglegheit til å kjøpe i FRAM-appen, kan ringe FRAM kundesenter på telefon 71 28 01 00 og be om den periodebilletten dei treng. Den reisande får ei kvitteringsmelding på SMS som dei må bekrefte med OK. Kunden blir fakturert i etterkant.