Første veka i september startar rivinga av ytste delen av piren på ferjekaia i Seivika. Det kan gi kansellerte avgangar morgon og kveld.

Seivika ferjekai før riving september i 2020

Første veka i september startar rivinga av ytste delen av piren på ferjekaia i Seivika. Det kan gi kansellerte avgangar morgon og kveld.

Ei av ferjene i sambandet ligg til kai i Seivika om natta. I starten av rivinga vil ho kunne fortsette med det.

– Vi vil prøve å få til det så lenge som mogleg, men vi kan ikkje garantere at det ikkje blir enkelte innstillingar. Lenger ut i rivearbeidet kan ikkje ferja ligge her når vi jobbar. Da må ho må gå inn til Kristiansund, sidan ombygginga av kaia i Tømmervågen gjer at ferja ikkje kan ligge over natta der, fortel byggeleiar Ole Kristian Remkall i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir på nettsidene våre: https://mrfylke.no/veg-og-kollektiv/vegprosjekt/ferjekaier-paa-nordmoere/nyheiter/riving-kan-gi-kansellerte-avgangar-paa-seivika-toemmervaag

Biletet som er lagt ved kan nyttast fritt mot kreditering til Ole Kristian Remkall/Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er stålkonstruksjonen ytst på ferjekaia skal rivast. Da blir kaia i ein periode berre halve ferja si lengde, som gjer at ho ikkje kan ligge her om natta. Når den ytste delen er fjerna blir kaia forlenga slik at ho er tilpassa dei nye, lengre miljøferjene i sambandet.