Første inntaket til videregåande opplæring er klart

Atlanten VGS i Kristiansund. Foto: Atle Bjørnar Bratset

9628 søkarar har fått tilbod om plass i førsteinntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for skoleåret 2019/2020. I førsteinntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på om dei vil ha plassen er 12. juli.

Det melder fylket i en pressemelding fredag.

Etter førsteinntaket er det 184 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 48 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 17 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er samla færre enn i fjor, mens det i år er fleire på Vg1 som ikkje har fått eit tilbod i førsteinntaket.

Andreinntaket blir køyrt i august

– Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når andreinntaket blir køyrt ca. 2. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken. Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna teknikk og industriell produksjon, naturbruk samt helse- og oppvekstfag.

Formidling til læreplass

Det er 1264 søkarar til læreplass, og ved utgangen av juni er det 824 søkarar som har fått læreplass. Dette er ei auke frå same tid i fjor. Delen av søkarar som har fått læreplass er jamt fordelt på dei fleste faga. For søkarane til fagopplæring held formidlinga fram til 1. november, seier Brekken.