Framdørene på bussane til FRAM er no stengde. Dette er gjort for å skåne sjåførane frå smittefare ved direkte kundekontakt.
Det melder mrfylke.no lørdag.
På den måten vernar vi om sjåførane si helse og bidrar og til at vi kan oppretthalde kollektivtilbodet i denne perioden.
Reisande må bruke bakdør ved på- og avstiging.
Stengde framdører betyr ikkje at passasjerar kan reise gratis.
Tilgjengelege betalingskanalar er:
- Reisekort med gyldig periodebillett.
- Mobilappen FRAM for enkeltbillettar, gruppebillettar, dagsbillettar og periodebillettar.
Gyldige betalingsmidler er:
- Mobilappen FRAM med aktivert enkeltbillett eller gyldig periodebillett
- Reisekort med gyldig periodebillett
Reiseplanleggaren på frammr.no og mobilappen FRAM er oppdatert.
FRAM kundesenter er tilgjengeleg på telefon 71 28 01 00.