Politiet etablerar nytt kø- og timebestillingsystem for pass på nett. Møre og Romsdal politidistrikt lanserte løysinga måndag 18. november.
Det meldte politiet i en pressemelding mandag.
I politidistriktet kan du i dag få passtenesta frå åtte ulike lokasjonar:
- Kristiansund politistasjon
- Molde politistasjon
- Sunndal lensmannskontor
- Surnadal lensmannskontor
- Sykkylven lensmannskontor
- Ulstein og Hareid lensmannskontor
- Volda og Ørsta lensmannskontor
- Ålesund politistasjon
No kan du tinge timen du vil ha på nettsidene til Møre og Romsdal på eit av desse kontora. Du møter der det passar deg best, når det passar deg best.
Saken fortsetter etter annonsen
Bestill time her.
Å møte utan time går ikkje etter 25. november 2019 i vårt politidistrikt. I staden vil du som tingar time og som har reisetid vere sikker på å få ordna med pass når du fyrst tek turen, utan å verte sittande i kø over lang tid.
Den dagen du har time møter du opp nokre minutt før oppsett tid, og du vil som oftast vere ferdig i løpet av kort tid.
Timar til bestilling er lagt ut frå og med 25. november 2019.