Endring i avgangstid for rute 803 Karihola frå 28. august
Frå og med onsdag 28. august vil avgangen klokken 07.55 frå Kristiansund trafikkterminal køyre fem minutt tidligare, klokken 07.50.
Dette vil påverke heile avgangen ved at tidene for dei neste haldeplassane også blir flytta fem minutt fram.
Endringa skjer for å gi skoleelevane betre tid frå bussen til undervisninga, melder fylket.