KSU 24/7
2 minutter lesetid

Eit viktig signal om utvikling av kysten

Som leiar av innsatsgruppa for Stad skipstunnel er vi svært glade for landsstyrevedtaket i Rødt om å støtte prosjektet.

Dette er eit viktig signal om at tryggleik for sjøfolk, styrking av sjøtransporten og utvikling av kysten er nasjonale omsyn som samlar støtte på tvers av politiske skiljelinjer. Stad er eit av dei mest krevjande havområda i landet, og skipstunnelen handlar først og fremst om trygg ferdsel, beredskap og føreseielege rammevilkår for næringslivet langs kysten.

Saken fortsetter etter annonsen

Vi merkar oss òg at støtta er knytt til tydelege klima- og miljøkrav. Det er både rett og nødvendig at store infrastrukturprosjekt vert gjennomførte med høge ambisjonar for natur og klima. Skal vi lukkast med å flytte meir gods frå veg til sjø, må vi sikre trygg og stabil framføring. Stad skipstunnel er eit konkret tiltak for å styrkje den grøne omstillinga av transportsektoren.

Vi håpar fleire parti som er opptekne av klima og berekraft vil setje seg grundig inn i kunnskapsgrunnlaget og vurdere prosjektet i eit heilskapleg perspektiv. Dette handlar ikkje berre om eit regionalt løft, men om nasjonal tryggleik, klima og framtidig verdiskaping langs heile kysten.

Av: Elisabeth Birkeland Hatlenes, leiar av innsatsgruppa for Stad skipstunnel