KSU 24/7
2 minutter lesetid

«Dødsvegane» gløymt, igjen?

Når eg ser fylkesordførar her i fylket, signerer avtale med andre fylker om prioritering av Møreaksen, lurer eg på om dette er gjort utan snev av respekt for dei som har mista livet sitt eller er hardt skadde på dødsvegar her i fylket.

Fylkestinget og samtlige kommunar her i fylket, har peika på dei farligaste vegane samt Eksportvegane inn og ut av fylket vårt, som det viktigaste å prioritere inn mot ny NTP.

Saken fortsetter etter annonsen

For Møre og Romsdal er «dødsvegen» nr. 1, slett inga fjordkryssing, slett ikkje nokon Møreakse, men E39 Solevågseidet – Blindheim til Moa, samt E-136 frå Ålesund til Bjorli, samt 3100 km med fylkesveg.

I tillegg har vegar som Voldatunellen i sørfylket, rv. 70 på Nordmøre og ikkje minst fv. 64 omgjort til riksveg, av dei høgst prioriterte vegstrekningane her i fylket, for ikkje å gløyme Strynefjellet, som også ein viktig aust/vest eksportveg for vårt fylke.

Kvifor igjen Høgre ved Helge Orten og Anders Riise, enda ein gong legg opp til å ofre resten av samferdselsfylket og kun prioritere fjordkryssing og Møreaksen, er det igjen KUN Høgre som sjølve forstår.

I ei tid der Forsvaret vil ta store innhogg i ny NTP, finnes det null realisme i at store nye fjordkryssingar slik som Møreaksen til 40–50 milliard kr skal kunne kome inn på NTP.

Møreaksen er skrota milevis ut av dagens NTP, og det fines ikkje ein einaste vettug faglig begrunnelse for å endre på dette.