Av: Fylkesleiar Elinor Bolme – på vegne av alle N.K.S sine lokalforeiningar i Møre og Romsdal
Ei av ti norske kvinner fortel at ho har vorte valdteke
Frå 25. november til 10. desember deler sanitetskvinner over heile landet ut raude knappar for å symbolisere nulltoleranse mot vald.
I 2013 lanserte Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) Raud knapp-kampanjen saman med ei rekkje andre organisasjonar. Sidan den gong har fleire hundre tusen knappar vorte delt ut. Ei rekkje politikarar, med statsminister Erna Solberg i spissen – er bærar av den raude knappen for å vise at dei vil bidra til nulltoleranse mot vald mot kvinner.
– Vårt håp med Raud knapp er å få så mange som mogleg til å bære knappen for å vise at dei vil bidra til å stoppe alle formar for vald mot kvinner. Til tross for at Noreg sjåast som eit av verdas mest likestilte land, utsettes mange mennesker kvar dag for vald og seksuelle overgrep. Rapportar viser at eit i all hovudsak er kvinner utsettes for grov vald fra partnarar, seier generalsekretær Grete Herlofson i N.K.S.
Omlag 75.000 og 150.000 nordmenn blir årleg ramma av vald frå nokon dei kjenner. Kvinner blir ramma i langt større grad enn menn. Over 8 prosent kvinner fortel at dei har vorte utsett for grov vald frå partner. I fjor bodde i underkant av 2000 kvinner på krisesentra rundt omkring i landet vårt.
Fredag 25. november er FNs internasjonale dag for avskaffing av vald mot kvinner. I Møre og Romsdal vil lokalforeningar over heile fylket markere denne dagen i nemte 16-dagars kampanjeperiode ved å dele ut raude knapper og spre informasjon om temaet på ulike arena. I Kristiansund skal for eksempel Kristiansund Yngre sanitetsforening stå på stand sammen med krisesenteret i kommunen på laurdag. I Ålesund blir Aalesund sanitetsforening å finne i bygatene med knappar og informasjon både fredag og laurdag. Straumsnes Sanitetslag skal dele ut til forretningar og på kommunehus, medan Surnadal Sanitetsforening står på julemessestand søndag, for å nemne nokre av aktiviteane i vårt allsidige fylke.
Vi i NKS håpar så mange som muleg– politikere som folk flest – vil bære den røde knappen når dei får forespørsel om det i desse dagane.
Dei aller fleste av oss kjenner ei kvinne eller eit born som har vorte utsett for vald eller seksuelle overgrep. Bær du den raude knappen symboliserer du nulltoleranse for alle former for vald!
Fakta om Raud knapp:
• Raud knapp-alliansen Stopp vold mot kvinner består av åtte organisasjonar: Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.), Den norske kirke, Islamsk råd, Virke, Krisesentersekretariatet, Reform (Ressurssenter for menn), JURK (Juridisk rådgivning for kvinner) og Digni.
• Symbolet for kampanjen er ein raud knapp. Raudt er vald fordi raudt signaliserer stopp, samtidig som raudt er kjærlieikens farge.
• Kampanjens raude knapp har fire hol. Hola symboliserer fire områder vi meiner det er spesielt store utfordringar på som det må arbeidast for å tette: Rettigheiter, hjelpetilbod, forebygging og forskning
• Sanitetskvinner over heile landet har delt ut over 200.000 røde knapper så langt.