Bry deg om byen din!

Arkitekt Ingvild Gjerdset Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Av: arkitekt Ingvild Gjerdset og rådgivar Johannes Brekke, Møre og Romsdal fylkeskommune

By- og tettstadutvikling høyrest ut som noko som stort sett angår anonyme kommunebyråkratar, ikkje sant? Sanninga er at det angår oss alle. Kvar einaste dag. Måten byar, tettstader og bygder blir bygd opp og heng saman – eller ikkje heng saman – dannar rammer for all aktiviteten vår. Stadane dannar rett og slett rammer for liva våre! Gode rammer gir glade folk og gode liv. Skal vi kome dit, må vi engasjere oss og arbeide saman.

Dei fleste har ei eller anna meining om plassen dei bur på. Anten det er ein by eller ei bygd. Viss du tenker etter, så har du sikkert tenkt på, engasjert deg i, eller lese om debattar som handlar om by- og tettstadutvikling. Det kan handle om dei store grepa, slik som Sørsida i Ålesund, Sjøfronten i Molde eller Campus i Kristiansund. Men det kan også dreie seg om mindre tiltak; det kan handle om biblioteket som har vorte den nye møteplassen for ungdomen, om den kule kafeen på den vesle tettstaden som skapar liv i sentrum, eller om den manglande tilrettelegginga av skulevegen som gjer at ungane blir kjørt til skulen kvar dag. Felles for alle små og store stadutviklingsprosjekt er at det angår dei som bur der og at sluttresultatet blir betre om fleire er med i diskusjonane.

Alle stader har ei historie. Nokon stader er forteljingane om staden godt synleg, både nye og gamle historier og fysiske spor. Summen av alle forteljingane og oppfatningane om staden du bur på blir til saman til eit bilde og ein identitet. Stadar med sterk positiv identitet er ikkje berre bra for omdømme og trivselen til dei som bur der; det er også lønnsamt med stader som har ein tydeleg identitet og arkitektur. Folk som er stolte over og glade i byen eller tettstaden sin engasjerer seg og bidreg meir for å ta vare på og utvikle heimstaden sin. Lukkast vi med dette, aukar sjansen vesentleg for at fleire vil vurdere å slå seg ned der.

Kampen om kompetansen og dei unge i etableringsfasen handlar ikkje berre om kva slags jobbar vi kan tilby dei, men det handlar også om kva slags stadar vi kan tilby utanfor arbeidstida. Mange arbeidsplassar er allereie uavhengige av stad, så lenge dei er på nett. Då blir det desto viktigare å stå fram som ein attraktiv småby eller lokalsamfunn, med kvalitetar som folk set pris på. Vi veit at reiseliv og handel går i retning av å vere meir opplevingsbasert, og vi veit at kveldsøkonomien, som mat- og kulturopplevingar etter arbeidstid, speler ei viktig rolle for folk sin trivsel på staden. Burde ikkje dette i større grad verke inn på korleis vi forvaltar og utformar stadane våre?

Mange kommunar i Møre og Romsdal, og i landet elles, jobbar med by- og tettstadutvikling. Og det er stort sett enkelt å bli einig om at ein ønsker å skape ein «attraktiv stad». Utfordringa kjem når vi må samhandle og prioritere. Det er krevjande med ting som heng saman. For å få ei heilskapleg stadutvikling må dei ulike «ingrediensane» vere retta mot same målet. Byrom, gater, butikkar, kafear, bibliotek, skular, arbeidsplassar og bustadar må for eksempel henge saman med gang- sykkel- og kollektivnettet slik at kvardagen blir enklast muleg. Bygningar, byrom og gateutforming som støttar oppunder aktiviteten som går føre seg der, skapar harmoni og sørger for god flyt. Med andre ord må vi ha ein plan for aktivitetar og tilbod i byane og tettstadane våre, og ikkje minst – kor ulike aktivitetar skal foregå – slik at det heng saman på ein god måte.

Men vi må også leggje til rette for eit godt og inkluderande samarbeidsklima, slik at ikkje alle sitt på sin haug og bare kjempar for si eiga interesse. Det betyr at kommuneadministrasjon, politikarar, sektormyndigheiter, næringsliv, grunneigarar, frivillige med fleire må jobbe saman for å få til ei felles ønska utvikling for utvikling byar og tettstadar. Vi må skape oss ei felles oppfatning om kva slags bygd, tettstad eller by vi vil vere. Og ikkje minst; kva må vi gjere for å kome dit? Gjennom felles visjonar, framtidsscenario og forpliktande samarbeid kan dei ulike aktørane finne si rolle og sin måte å bidra på.

 «Vi må henge saman, elles blir vi hengt kvar for oss» eir eit kjent Jan P. Syse-sitat. Dette gjeld både for samarbeid i politikken og i samarbeid om utviklinga av byane og tettstadene våre. Vi har mykje å lære av kvarandre – på tvers av tettstadene og byane våre – men også frå gode eksempel nasjonalt og internasjonalt. Møre og Romsdal Fylkeskommune ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for regionalt utviklingsarbeid. Vi er stolte av å samarbeide med BYLIVsenteret i Norske Arkitekters Landsforbund og Ulstein kommune om den nasjonale BYLIVkonferansen 2018 i Ulsteinvik 17.-18.oktober. Det er ikkje utan grunn at konferansen er lagt dit; Ulstein kommune har over ei årrekke vist at dei samarbeider og samhandlar godt med lokale aktørar og lokalt næringsliv om å utvikle Ulsteinvik til ein attraktiv småby. Nærare 200 påmeldte kjem saman for å diskutere korleis næringsliv, kulturliv og by- og tettstadutvikling heng saman. Det er plassen du bur på vi skal snakke om.