Bruk heller Vinmonopolets alkoholfrie julemeny – enn ein alkoholhaldig julekalender
Det er nesten slik at ein ikkje trur det ein les. I desse dagar er ein julekalender til sals hjå Vinmonopolet. Han har 24 luker med alkoholhaldig drikke.
Korleis høver dette saman med tankegangen om at jula er borna si høgtid først og fremst? Folkehelseinstituttet (FHI) sine tal tilseier at kring 100000 born og unge veks opp med ei mor eller ein far som brukar alkohol.
Dette gjev utrygge oppvekstvilkår. Tek ein barneperspektivet her så skulle alle born og unge få høve til å oppleve ei kvit jul, altså ei jul utan rus. Regelverket er pt slik at Vinmonopolet kan ikkje pakke inn akevittjulekalendaren med julepapir, men dei kan selgje han viss han ikkje vert innpakka.
Kva er dette for noko? Ein treng verkeleg ikkje å drikke alkohol kvar dag i advent. Nei, folkens, vi i IOGT Region Midt-Norge vil heller tipse folk om Vinmonopolets alkoholfrie julemeny i samband med julefeiringa anno 2025.
Helsedirektoratet seier til NRK at dei ikkje tilrår sal av adventskalendrar med alkohol, slik Vinmonopolet no tilbyr med 24 flasker akevitt.
– Kvart glas alkohol folk vel bort, bidrar til betre folkehelse. Det seier avdelingsdirektør Øyvind Giæver, og understrekar at produkta likevel ikkje er forbodne, så lenge innpakning og utforming er innanfor lova.
Vi i IOGT håper alle får ei fin og kvit jul – og at alle hugsar å bruke vernebriller når ein ferdast utandørs på nyttårsaftan. Ta vare på kvarandre!
Av: Leder Per-Arne Lillebø og informedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes
Kjelder: NRK / Vinmonopolet



