Eit for høgt drifts- og investeringsnivå over fleire år krev brems i investeringane og omstilling av drifta i åra som kjem.
Det er hovudprofilen i forslag til Økonomiplan 2019-2022 med budsjett for 2019, som fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik presenterte for fylkespolitikarane i dag.
Møre og Romsdal fylkeskommune har i mange år hatt eit høgt drifts- og investeringsnivå. I utdanningssektoren er det investert store beløp i bygningsmassen, både gjennom rehabilitering og fleire nybygg. Det er investert mykje på fylkesvegnettet, m.a. er det gjennomført omfattande rehabiliteringar av tunellar. I tillegg er det satsa på gode kollektivtilbod i heile fylket, og på å oppfylle miljøforpliktingar ved at nye ferjeanbod blir lyst ut med krav til miljøteknologi. Viktige regionale utviklingstiltak har blitt sett i verk i samarbeid med kommunane.
Møre og Romsdal fylkeskommunen har lenge hatt gode rammevilkår med relativt høg vekst i dei frie inntektene år for år, men dei siste par åra er rammene blir strammare.
Samstundes har fylkeskommunen ein investeringsplan med «må tiltak» i kombinasjon med store samferdselsprosjekt som Nordøyvegen, rassikring Eidsdal – Geiranger og miljøtilpassingar av ferjedrifta i komande økonomiplanperiode.
Auka lånegjeld i tida som kjem
Alle investeringane, med fråtrekk for eventuelle tilskot, må finansierast med lån som skal betalast med renter og avdrag. Dette vil medføre kraftig auka rentekostnader frå og med 2020. For at fylkeskommunen skal vere i stand til å handtere desse kostnadene, har fylkesrådmannen sett i verk tiltak alt frå 2019.
-I den økonomiske situasjonen vi står i med store investeringar dei næraste åra, vil renter og avdrag auke betydeleg. For at økonomien skal gå i balanse må vi redusere utgifter der det er mogleg – det vil seie i driftsrammene. Konsekvensen er nedbygging av fylkeskommunen sine tenester, og vi vil ikkje ha råd til nødvendig vedlikehald på eigedelane våre, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.
Fylkeskommunen må senke driftsnivået – eller auke inntektene årleg – med omlag 250 mill. kroner innan 2022. Fylkesrådmannen erkjenner at ei slik innsparing vil få store og omfattande konsekvensar for alle sektorane i fylkeskommunen og for alle innbyggarane i fylket i åra som kjem, også etter inneverande økonomiplanperiode. Guttelvik presiserer at konsekvensane av å ikkje gjere naudsynte innsparingar på 250 mill. kroner vil medføre at fylkeskommunen sitt disposisjonsfond er tomt etter 2023, og at denne utviklinga kan føre til at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje vil ha ei god økonomistyring. – Tek vi ikkje naudsynte grep, vil vi vere i ein Robek-situasjon. Med andre ord greier vi ikkje å levere det lovpålagte kravet om ein økonomiplan i balanse, seier Guttelvik. For å kome desse utfordringane i møte, er omstillings- og utviklingsprosjektet «Omstilling av organisasjonen mot 2020» starta opp. Tiltak som vert foreslått, vil bli behandla av fylkestinget i april.
Tøffe tiltak
Om fylkeskommunen skal nå målet om å spare 250 mill. kroner, må driftsnivået reduserast kraftig. Utdanning og samferdsel står for 81,6 prosent av utgiftene til fylkeskommunen, og det seier seg sjølv at det er her dei største reduksjonane vil kome.
– Dette inneber mellom anna at vi må gjere inngrep i skulestrukturen, og det er vanskeleg å sjå at vi kan halde fram med å drifte alle dei 23 vidaregåande skolane slik som i dag, seier Guttelvik. Vidare peikar han på at over 90 % av ramma til vidaregåande opplæring går til lønn. Aktuelle tiltak i utdanningssektoren kan vere betre utnytting av eksisterande ressursar, som auka elevtal per klasse, reduserte utdanningstilbod, og spesielt dyre tilbod må kanskje leggast ned.
Innan samferdselssektoren kan det bli naudsynt å redusere ferjeruter, båtruter, busstilbod o.l. I tillegg må vi sjå på reduksjonar internt i administrasjonen. For at økonomien skal gå i balanse, må vi redusere utgifter eller auke inntekter der ein har moglegheit, seier Guttelvik
Nordøyvegen gir langvarige konsekvensar
I samband med økonomiplanen vert det lagt fram ei eiga sak til fylkestinget om Nordøyvegen. Dette er det største prosjektet Møre og Romsdal fylkeskommune har planlagt nokon gong. Ingen andre tiltak har vore i nærleiken i størrelse på investeringskostnad, driftsmessige konsekvensar og risiko. Prosjektet er forventa å ha ein investeringskostnad på 5,6 mrd. kroner. Nordøyvegen fører til at dei totale netto driftsutgiftene fylkeskommunen sjølv må dekke, aukar betydeleg i dei nærmaste åra og i lang tid framover. Dette beløpet må takast innanfor dei eksisterande, økonomiske rammene og fylkeskommunen må bu seg på at konsekvensane av å vedta å bygge Nordøyvegen vert langvarige. – Slik prosjektet no ligg føre, og med dei konsekvensane dette får for Møre og Romsdal fylkeskommune sin totale økonomi, kan ikkje fylkesrådmannen tilrå å realisere prosjektet, seier Guttelvik. Totalt vil vi få ca.1,96 milliard kroner meir i årlege driftsutgifter ved bygging av Nordøyvegen enn ved ikkje å gjere det. Mellom anna må vi dekke ein meirkostnad på i gjennomsnitt 109 mill. kroner kvart år dei 10 første åra i perioden, etter opning av vegen.
Med bakgrunn i dette tilrår fylkesrådmannen at ein arbeider vidare med prosjektet for å sjå om ein kan finne alternative løysingar.
Saka om Nordøyvegen illustrere forskjellen mellom utfordringa med å investere i Nordøyvegen kontra fortsatt ferjedrift. I eit 40-års perspektiv vil også fortsatt ferjedrift ha ein høg kostnad, men denne krev ikkje at fylkeskommunen tek opp 3,7 mrd. kroner i lån over få år, som skal betalast ned med renter. I tillegg kjem framtidige reinvesteringar som også må lånefinansierast. Ferjedrift og investeringar i ferjekaier (nullalternativet) vil vere kostnader som er meir jamt fordelt over heile perioden.
Investeringsstopp i fleire år
Om fylkestinget vedtek å gjennomføre Nordøyvegen, samstundes som vi må fullføre igangsette prosjekt og prosjekt som det er uforsvarleg å ikkje gjennomføre, vil det ikkje vere rom for å investere i andre større prosjekt dei neste 10-15 åra. Kostnadskrevjande prosjekt og større investeringar i skolebygg ikkje vil kunne realiserast.
Viktig å bevare handlingsrommet
Det er avgjerande å bevare handlingsrommet for å kunne bidra til å sikre utvikling i heile fylket, noko som er særleg viktig i ei tid der Møre og Romsdal skal stå aleine som eigen region, avsluttar Guttelvik.
Økonomiplan 2019-2022 med budsjett for 2019 skal behandlast av fylkestinget 11. desember.