KSU 24/7
2 minutter lesetid

Barn frå Nordmøre og Romsdal som treng innlegging på sjukehus vil no bli sendt til barneavdelinga ved Ålesund sjukehus

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Årsaken er en mogleg positiv koronaprøve på innlagt barn ved Kristiansund sjukehus. Barnet kommer fra Eidsvåg barnehage i Molde kommune.

Saken fortsetter etter annonsen

Helse MR skriver:

Det er teke ein ny prøve, og resultatet vil vere klart torsdag ettermiddag.

Inntil vidare vil barneavdelinga i Kristiansund vere stengt for nye pasientar.

​Eit barn innlagt på Kristiansund sjukehus har testa svakt positivt på koronavirus. Det er tatt ein ny prøve, og eit endeleg prøvesvar vil vere klart torsdag ettermiddag.

–  Barnet er stabilt, og barneavdelinga i Kristiansund har gjort dei smitteverntiltaka som er nødvendig, Barnet, som har ein luftvegsinfeksjon, blei rutinemessig testa på sjukehuset, seier fagdirektør Torstein Hole.

Andre barn frå Nordmøre og Romsdal som treng innlegging på sjukehus vil no bli sendt til barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.
 

Tilsette som har vore i kontakt med barnet blir satt i karantene til endeleg prøvesvar føreligg. Det dreier seg om ca 15-20 personar.
 
Barneavdelinga følgjer opp dei andre barna og deira pårørande som har vore i avdelinga i perioden.

Helse Møre og Romsdal vil halde ein pressekonferanse torsdag ettermiddag klokken 17.00 for å orientere nærare om koronavirusituasjonen på sjukehusa i fylket.